Rapparen Apollo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jonas Forsang Moksnes)
Apollo

Fødd24. desember 1980 (43 år)
FødestadOslo
FødenamnJonas Forsang Moksnes
AliasJonas Forsang Moksnes
OpphavNoreg
Sjangerrapping
Instrumentvokal
Verka somjournalist, musikar, forfattar, rappar

Jonas Forsang Moksnes (fødd 24. desember 1980) betre kjent som Apollo eller Bleikansiktet er ein norsk rappar, musikar og journalist frå Bekkelaget i Oslo.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Heilt ifrå byrjinga har Apollo rappa på morsmålet. Apollo gav i 2000 ut debut-EP-en Scenario, [1] ei plate som berre vart trykt i 500 eksemplar. I 2002 gav han ut sitt fyrste album, ved namn Mine Damer og HerrerUniversal Records. [2] Dette vart nominert til både Spellemannprisen og Alarmprisen i kategorien "beste hip-hop-album". Songane Hvite netter og Sperra inne vart gjevne ut som singlar og blei hits i Noreg. I 2004 kom oppfylgjarplata Satan´s Sirkus (Universal Records) [3]. Etter dette har det ikkje kome fleire soloalbum frå Apollo til no.

Rundt år 2006 blei Apollo med i rockebandet Yoga Fire, som består av han sjølv og dei tidlegare medlemmene i hip-hop-gruppa Klovner i kamp. I 2007 lagde Moksnes rulletekstlåta til den fjernsynsserien "Gutta Boys" saman med DJ Goldfinger frå Klovner i kamp. I fleire år er Moksnes blitt kåra til ein av landets mest sexy menn av motemagasinet Elle[4]. I 2009 vann han MTV Europe Music Awards i kategorien "Beste Norske Artist" saman med Yoga Fire, og var nominert i kategorien "Best European Act"[5]. Yoga Fire vann også Spellemannprisen 2010 i kategorien «Årets musikkvideo».

Journalisme[endre | endre wikiteksten]

Jonas Forsang Moksnes har skrive for ei rekkje norske magasin, m.a. Elle og MASSIV. Frå 2010 har han jobba i mannebladet ALFA. Portrettintervjuet hans med kokaindømte Stina Brendemo Hagen som vart fengsla i Bolivia, skapte store overskrifter og debatt i norsk media.[6] Han vann «Årets feature 2010» under Nordiske Mediepriser for saka «Treholt for dummies», publisert i ALFA.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Scenario EP (Rar), 2000
  • Mine Damer og Herrer (Universal), 2001
  • Hvite netter (singel), 2001
  • Sperra inne (singel), 2002
  • Satan`s Sirkus (Universal), 2004
  • Fuck you eller penga tilbake med Yoga Fire (MTG Music), 2009

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Scenario EP på Jester sin blogg.
  2. Mine damer og herrer på discogs.com
  3. Satans sirkus på itunes.com
  4. http://www.vg.no/rampelys/artikkel.php?artid=10011408
  5. http://www.vg.no/musikk/artikkel.php?artid=573529
  6. http://e24.no/media/betalte-tur-for-bolivia-jordmor/3836090
  7. http://www.bt.no/nyheter/lokalt/--Godt-aa-bli-sett-2498847.html?xtor=RSS-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]