Jonas Hesselman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas Hesselman

Fødd9. april 1877
Å församling
Død20. desember 1957
Nacka församling
NasjonalitetSverige
Yrkeingeniør, oppfinnar
Alma materKungliga Tekniska högskolan
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet

Jonas Hesselman (9. april 187720. desember 1957) var ein svensk sivilingeniør og konstruktør. Han var bror til språkforskaren Bengt Hesselman.

I perioden 1899–1916 arbeidde Hesselman for AB Diesels Motorer (seinare Atlas Diesel, no Atlas Copco) i Sickla, der han frå 1901 var sjefskonstruktør. Han arbeidde med å vidareutvikla motoren til Rudolf Diesel og vart internasjonalt kjend som ein autoritet på dieselmotorar. I 1916 starta han for seg sjølv og presenterte i 1925 ein hybrid mellom ein forgassarmotor og ein dieselmotor. Hesselmanmotoren hadde drivstoffinnsprøyting på same vis som ein dieselmotor, men for låg kompresjon til at forbrenninga starta av seg sjølv. Motoren hadde difor tennpluggar som på ein forgassarmotor.

Jonas Hesselman konstruerte òg elektrisk utstyr til bilar og traktorar, noko som la grunnlaget for Hesselman Elhydraulik, som no heiter Haldex. I 1970 utvikla Hesselman Elhydraulik eit hydraulisk løftelem for lastebilar, som framleis har stor utbreiing.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]