Jonas Holøs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas Holøs


Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1987 (36 år)
Sarpsborg kommune
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018, Ishockey-VM 2021, Ishockey-VM 2019, Ishockey-VM 2018

Utmerkingar

Gullpucken

Jonas Holøs (fødd 27. august 1987 i Sarpsborg) er ein norsk ishockeyspelar.

Han starta sin ishockeykarriere i moderklubben Sparta Sarpsborg sesongen 2003/2004, seksten år gamal. Trenarane såg raskt potensiale, og det tok ikkje lang tid før Holøs blei plukka opp til Sparta Sarspborgs U20-tropp. Det var i U20- troppen at han fekk sitt gjennombrot og raskt etablerte seg som éin av dei absolutt beste backane i ligaen.

Sesongen 2005/2006 blei Holøs for fyrste gong flytt opp til Sparta Sarpsborgs A-tropp, der han gjorde sju poeng på 28 matchar i sin fyrste sesong på A-laget.

Han gjekk over til den svenske Elitserieklubben Färjestad i 2008. Han er ein stor og sterk back. Holøs si fatning er høgre.[1] Han blei kåra til den viktigaste nye spelaren i sesongen 08/09, då han var med å vinna seriemeisterskapen og den svenske meisterskapen (SM).

12. mai 2010 meldte Aftonbladet at Holøs hadde skrive kontrakt med National Hockey League- klubben Colorado Avalanche.[2]

Holøs har spelt 28 VM- og OL-kamper for det norske ishockeylandslaget. Han var busett i Karlstad i Sverige[3] før han reiste til Denver og Colorado Avalanche.

Holøs er 181 centimeter høg og vog i 2009 nitti kilogram.[4]

Den 16. oktober 2010 blei han den sjette nordmannen som spelte i NHL då han debuterte for Colorado Avalanche borte mot New York Islanders. Colorado tapte kampen 5-2, men Holøs spelte mest av samtlege spelarar i kampen.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. VG Sporten fakta. 20. august 2009. Side 13
  2. «NHL neste for Holøs», Aftenposten 12. mai 2010
  3. VG Sporten fakta. 20. august 2009. Side 13
  4. VG Sporten fakta. 20. august 2009. Side 13
  5. http://www.nhl.com/scores/htmlreports/20102011/ES020057.HTM Kampfakta fra NHL

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]