Jonas Lie den yngre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lie som politijurist på 1930-talet

Jonas Lie den yngre (31. desember 189911. mai 1945) var ein norsk forfattar, politimann, NS-medlem og minister i regjeringa Quisling II.

Bakgrunn og virke[endre | endre wikiteksten]

Jonas Lie hadde juridisk utdanning og vart politioffiser i 1930. I 1931 vart han nestleiar i Statspolitiet og spelte ei viktig rolle i Menstadslaget same året. Sidan følgde han bl.a. kommunisten Lev Trotskij til Mexico då han vart utvist frå Noreg i 1936.

Rikskommissær Josef Terboven utnemnde Jonas Lie til kommissarisk statsråd for Politidepartementet i 1940. Året etter vart han først leiar for norsk SS og i 1942 leidde han etterfølgjaren Germanske SS Norge, som var ein del av Waffen-SS. Han var i lag med Sverre Riisnæs blant pådrivarane til å etablere desse organisasjonane, med eit ønske om at dei skulle verte ein alternativ maktfaktor til Nasjonal Samling overfor den tyske okkupasjonsmakta.

Ein periode var Lie ved felten med Waffen-SS i Leibstandarte SS Adolf HitlerBalkan.

Frå 1942 til 1945 var han politiminister i regjeringa til Vidkun Quisling. I denne stillinga var han ansvarleg for aksjonane mot jødane, nazifiseringa av politiet og som pådrivar for dødsdommen mot politimannen Gunnar Eilifsen. Saman med NS-mannen Johan Andreas Lippestad leidde han òg tvangsevakueringa av Finnmark i 1944.

Jonas Lie var gift tre gonger, siste gong med songarinna Gunvor Evju.

Jonas Lie barrikaderte seg på Skallum Gård i Bærum i maidagane 1945, saman med fylkesførar Henrik Rogstad og justisminister Sverre Riisnæs. Det er usikkert om han tok sitt eige liv, eller om døden hadde si årsak i ei samvirking av stress og høgt alkoholkonsum. Han er blitt omtalt som den viktigaste, og mest forhatte, enkeltpersonen i NS etter Quisling.

Forfattaren[endre | endre wikiteksten]

Lie var son av Erik Lie og soneson av Jonas Lie og gav ut krimbøker under løyndenamnet Max Mauser. Det er ikkje mogleg ut frå dei spanande kriminalromanane hans å kunne spå at Jonas Lie den yngre ville verta NS-politiminster under okkupasjonen. Det var nok heller Lie-ættas djupe sympati for Tyskland som gjorde at Statspolitiet sin nestleiar melde seg på tysk side, og soleis 1942 fekk stoff til boka "Over Balkans syv blåner".

Alt i boka "Slektens sidste. Beretningen om Orla Wolff" frå 1925 møter vi same tema som hos "slektens første", Mons Lie: den autoritære personlegdomen si heimlengt attende til folket. "Herunder må man huske at politiets alpha og omega er å forebygge. Mostanderne er vill-ledte mennesker, men de er og våre egne landsmenn, - landsmenn som i øyeblikket ikke vet bedre," skriv Jonas Lie i si "Liten håndbok i polititaktikk," frå 1941, der forfattaren som eit ljosande førebilete siterer keisar Wilhelms instruks til det tyske politi, tjue år etter at keisaren abdiserte. Det beste er at ting ordnar seg sjølve, er og grunnvisdommen i Lies kriminalromanar, det vil seie: ein vond mordars drapsmann er det lite gagn i å etterforske. Lie er ein dyktig forteljar. Han nyttar rammefortellinga. Blikkpunktet er hos huslæraren, husvenen, den tilfeldige kafeforteljaren. Privatetterforskar Bjelke løyser så gåtene. Bjelke var før politifullmektig i oslopolitiet, men rømmer i "Dødsdiamanten" ( 1932, no snart oppe i ein pris på NK 3000 i antikvariata) til utlandet med diamanten og den forførande russiske songarinna. Desillusjonerte Bjelke vert dimed meir politi enn sine gamle kollegaer, ein slags "naturpoliti", som sjølv har gitt etter for lidenskapane. I "Natten til Fandens geburtsdag", 1934, er det igjen kjærleiken, i "Rittet fra Olesko", 1935, sjølve den himmeblå madonna, i form av eit både farleg og undergjerande altarbilete.

Lie levde sterkt etter si ætts motto: det slekta innvinder, vil den aldri greie å behalde. Som tippoldefar sin og mange andre juristar i ætta, var også han dimed så og seie "fødd politimann". På sitt vis såg han nok seg sjølv som dei veikes harde vernar. Lite anna gjev i Noreg eit betre bilete av den borgarlege mennesketypen i dei store masserørslene si tidsalder enn Jonas Lie den yngre sine kriminalromanar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]