Jonas Rein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jonas Rein.

Jonas Rein (30. januar 176021. november 1821) var ein prest og eidsvollsmann.

Rein var fødd i ØksendalNordmøre, der far hans var sokneprest. Han vart student i 1777 og cand. theol. i 1780. År 1781 var han huslærar hos ein godseigar i Buskerud, åra 1783-85 budde han i Drammen. Deretter budde han ei tid på Kongsberg og hos far sin på Jevnaker. År 1786 gav han ut skodespelet «Hagen og Axel». Året etter reiste han til København for å søkje embete, både som prest og lærar. Her var han i dei komande åra, som i studentida 1777-80, aktiv i Det Norske Selskab.

I 1791 vart Rein utnemnd til sokneprest i Kautokeino. På veg dit møtte han eigaren av storgarden Hafslund. Denne hadde kallsrett til Skjeberg og Rein fekk då stilling der i 1792 som kallskapellan. År 1799 var han atter i København og søkte embete, fekk i 1800 stillinga som sokneprest i Eidanger. Sju år seinare var han på ny i København, og i 1808 vart han sokneprest til Nykirken i Bergen.

Rein var utsending frå Bergen by på riksforsamlingaEidsvoll 17. mai 1814. Han var visepresident 25. april til 2. mai, og medlem av konstitusjonskomiteen. På Eidsvoll viste han seg som ein med framifrå talegåver. Særleg kjend for talen om den såkalla Eidsvollsgarantien. Heilhuga sjølvstendemann.

I 1816 var Rein innstilt til ny biskop i Bergen av den norske regjeringa. Embetet gjekk til Claus Pavels, som var innstilt som nummer 2. Rein vart truleg vraka av kongen for si rolle under riksforsamlinga.

Rein var forfattar og medredaktør i dei fyrste fem årgangane av Den Norske tilskuer, frå 1817 til 1821. Han gav elles ut tre diktsamlingar i perioden 1802-10. Lyrikken hans er romantisk med drag av tysk nyklassisime; eit pessimistisk livssyn kjem klårt til syne.

Han døydde i Bergen og vart gravlagd i kjellaren på Nykirken. Tidleg på 1900-talet vart alle lika i kjellaren lagde i ei fellesgrav på Assistents-kyrkjegarden.

I 1882 vart ei gate på 'Nygård i Bergen' kalla opp etter Rein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]