Jonathan Noyce

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonathan Noyce

Statsborgarskap England
Fødd 15. juli 1971 (52 år)
Royal Sutton Coldfield
Yrke bassist, gitarist, klaverspelar
Språk engelsk
Medlem av Jethro Tull

Jonathan Mark Thomas Noyce (fødd 15. juli 1971) er ein engelsk musikar. Han er hovudsakleg kjend som bassist i den britiske rockegruppa Jethro Tull, som han har turnert og spelt med sidan 1995[1] og fram til 2007.

Noyce var fødd i Sutton Coldfield i Warwickshire. Han vart utdanna ved Royal Academy of Music i London, og hadde først suksess med den britiske popgruppa Take That, som han spelte bass for i studio i 1993. I denne perioden arbeidde Noyce tett med produsent Joey Negro.

I 1995 møtte Noyce gitaristen i Jethro Tull, Martin Barre, og spelte på soloalbumet hans The Meeting. Slik møtte han frontmann Ian Anderson, som spurte Noyce om han kunne spele på hans Divinities-turne seinare på året. Etter nokre månader annonserte Dave Pegg at han gav seg i Jethro Tull. Noyce vart det naturlege førstevalet og kom inn i bandet i august 1995. I løpet av dei elleve åra han var med i bandet spelte han inn fleire album med dei og var med på mange turnear.

Utanom Jethro Tull har Noyce spelt med Gary Moore på hans Old New Ballads Blues og på konserten til minne om Phil Lynott, One Night in Dublin, i lag med medlemmar av Thin Lizzy, samt det siste konsertopptaket med Moore, Live at Montreux 2010.

I 2006 vart Noyce med The Divine Comedy på ein turné i Europa. Sidan 2007 har Noyce vore medlem av det britiske bandet Archive. I 2009 spelte Noyce med Rick Wakeman på konsertane hans i Hampton Court Palace. Desse showa vart spelte inn og filma og gjevne ut på CD og DVD som The Six Wives of Henry VIII Live at Hampton Court Palace.

I 2010 spelte Noyce med Mylène Farmer på albumet hennar Bleu Noir, som vart ein stor salssuksess.

I 2012 har Noyce spelt i lag med Martin Barre att for konsertane hans i Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hill, Gary. «Jonathan Noyce». Allmusic. Henta 15. september 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]