Jonsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jonsvatnet
Stad Trondheim, Malvik (Sør-Trøndelag)
Koordinatar 63°21′54″N 10°35′09″EKoordinatar: 63°21′54″N 10°35′09″E
Overflateareal 14,26 km²
Kystlengd1 43,64 km
Høgd over havet 148 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Jonsvatnet er ein innsjø som ligg i kommunane Trondheim og Malvik i Sør-Trøndelag. Innsjøen er hovuddrikkevasskjelde for Trondheim kommune.

Under den tyske invasjonen i Noreg i 1940 vart Jonsvatnet nytta som framskoten tysk feltflyplass, og opptil 60 tyske fly nytta den improviserte basen. Da våren kom og isen smelta var det minst tre fly igjen, eit Heinkel He 111, eit Junkers Ju 88 bombefly og eit Junkers Ju 52 transportfly. Vraket av sistnemde fly vart seinare øydelagd av utbygginga av ein drikkevassleidning på 80-talet. Dei andre to flya vart etter fleire års planlegging heva i 2005. Ein av tilskodarane til hevinga var Artur von Casimir som var med som flygar på eit av flya som sokk i 1940. Under leitinga etter flya vart det òg funne eit tysk Arado Ar 196 rekognoseringsfly som styrta seinare under krigen. Dette flyet er freda som krigsgravplass, og vart ikkje undersøkt vidare.

På Jonsvatnet ligg Trondheim sjøflyplass, Jonsvatnet.