Jordanelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jordan-elva)
Jordanelva
hebraisk: נהר הירדן, Nehar haYarden,
arabisk: نهر الأردن, Nahr al-Urdun
elv
Namneopphav: Hebraisk: ירדן (yardén, av ירד yarad, å stige nede)[1]
Land  Israel,  Det palestinske området  Jordan
Regionar Vest-Asia, Kysten av Aust-Middelhavet
Distrikt Galilea
Landemerke Galileasjøen
Lengd 251 km
Kjelde
 - stad Anti-Libanonfjella ved Hermon, Golanhøgdene
 - høgd 2 814 moh.
Kart
Jordanelva
33°11′12″N 35°37′09″E / 33.186666666667°N 35.619166666667°E / 33.186666666667; 35.619166666667
Jordanelva renn langs grensa mellom Jordan og Israel
Jordanelva renn langs grensa mellom Jordan og Israel
Jordanelva renn langs grensa mellom Jordan og Israel
Wikimedia Commons: Jordan River

Jordanelva, eller berre Jordan, er ei 251 km lang elv i Midtausten. Elva har utspring i Anti-Libanonfjella ved Hermon, og renn gjennom den jordanske Riftdalen via Genesaretsjøen i Galilea i Israel. Ho renn sørover til ho munnar ut i Daudehavet, som ingen elver renn ut frå.

Elva utgjer grensa mellom Jordan i aust og Palestina og Vestbreidda i vest. Vestbreidda av Jordanelva vart okkupert av Israel etter seksdagarskrigen i 1967.

Ei rekke kunstnarar har skildra døypinga av Jesus i Jordanelva. Denne fresken av Masolino er frå 1435.

Jordanelva er den viktigaste ferskvasskjelda i området. Det er strid om kva land og folkegrupper som får nytta seg av ferskvatnet i elva. Statane Israel, Libanon, Syria, Jordan og i tillegg dei palestinske sjølvstyresmaktene har alle interesse av å nytta vatnet i vassdraget.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

  • Hasbani (arabisk الحاصباني Hasbani, hebraisk שניר Snir), som flyt frå Libanonfjella.
  • Baniaselva (arabisk بانياس Banias, hebraisk חרמון Hermon), spring ut ved Banias ved foten av Hermon.
  • Dan (hebraisk דן Dan, arabisk اللدان Leddan), spring ut ved foten av Hermon.
  • Iyon (hebraisk עיון Iyon, arabisk دردره Dardara eller براغيث Braghith), som flyt frå Libanon.

Elveleie[endre | endre wikiteksten]

Elva fell raskt i løpet av 75 km til den myrlendte Hulasjøen, som ligg like over havnivå. Ut frå innsjøen fell elva mykje meir i løpet av dei 25 km ned til Genesaretsjøen. Siste delen av elva fell slakare, og elva dannar meander før ho munnar ut i Daudehavet, kring 422 meter under havnivå, som ikkje har noko utløp. To store sideelvar kjem inn frå aust i denne sist delen: Yarmouk og Zarqaelva.

Delen nord for Genesaretsjøen (hebraisk כנרת Kinneret, arabisk: Bohayrat Tabaraya) ligg innfor grensene til Israel, og dannar vestgrensa mot Golanhøgdene. Sør for innsjøen dannar ho grensa mellom kongedømet Jordan (i aust) og Israel.

Ei bibelsk elv[endre | endre wikiteksten]

Elva blir omtalt spreidde stader i Bibelen, mellom anna som kjelda til «Guds hage», ei stor, fruktbar slette. Ho er òg omtala som grenseelva mellom «to stammar og den halve stammen» i aust og «ni stammar og halve Manassestammen» som leia av Josva busette seg på Vestbreidda.

Jesus skal ha vorte døypt i elva då han var kring 30 år.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Klein, Ernest, A Comprehensive Etymological Dictionary of the Hebrew Language for Readers of English, The University of Haifa, Carta, Jerusalem, p.264

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jordanelva