Jordbrugrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jordbrugrotta (offisielt stadnamn) er ei grotte øvst i Plurdalen i Rana kommune i Nordland. Grotta vart utforsket i 1962 og 1964 av ein engelsk grotte-ekspedisjon. Grotta har namn etter garden Jordbrua som ligg litt lenger ned i dalen. Grotta ligg rundt to kilometer sør frå demninga ved Kallvatnet.

Korleis grotta vart til[endre | endre wikiteksten]

Plurdalen har mykje kalkhaldig jord. Elva Plura, som er utløpet frå Kallvatnet, var stor før Kallvatnet vart demd opp på midten av 1960-talet. Elva vaska ut kalken, og det vart større og mindre grottesystemer fleire stader i Plurdalen. Jordbrugrotta er den største av desse. Før Kallvatnet var oppdemd var elva for stri til at det var mogleg å dykke i grotta, men etter oppdemminga er Plura nesten tørrlagt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]