Jordpyramide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jordpyramidane i Ritten, dei mest kjende i Sør-Tirol, mot Mittelberg

Jordpyramidar er slanke pyramidar eller søyler som er danna i fast morene-masse ved regn-erosjon. Som regel ligg det ein større eller mindre stein på toppen; han har verna pyramiden mot direkte nedbør og gjort det mogeleg å få danna dei ofte ganske merkelege formasjonane.

Kjende jordpyramidar i Noreg er Kvitskriuprestinn i Uladalen i Sel kommune. Verdskjende er jordpyramidane ved Bolzano i Sør-Tirol, som er opptil 30 meter høge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]