Jordrøyk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jordrøyk


Fumaria officinalis 002.JPG

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Ranunculales
Familie: Fumariaceae
Slekt: Fumaria
Art: F. officinalis
Vitskapleg namn
Fumaria officinalis

Jordrøyk (Fumaria officinalis) er ein plante frå jordrøykfamilien, kjend som ugras i Noreg.

Illustrasjon av jordrøyk.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Jordrøyk er ein eittårig, urteaktig plante. Han har blågrøn farge med glatt, slapp og av og til klatrande stengel. Findelte, tynne blad veks på ein tynn stilk. Blomstrane veks i avlange klasar, med bleikraud krune med mørkare munning og ein kort, butt spore. Frukta er ei kulerund nøtt på kort skaft i stivt opprett klase. Jordrøyk har plantesaft med skarp lukt. Urta har ein bitter, saltliknande smak.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg voks jordrøyk berre i Europa og Nord-Afrika, men han finst no også i Asia, Nord-Amerika og Australia.

Naturmedisin[endre | endre wikiteksten]

Det norske namnet jordrøyk er ei direkte omsetting av det gamle latinske namnet på planten, fumesterrae. Jordrøyk er ein plante som har følgt menneska som ugras i åkrar og hagar i mange hundre år. I urtebøker frå 1400- og 1500-talet anbefar ein jordrøyk ved gikt-, lever- og miltsjukdomar, for å lekje sår og ved utslett.

Jordrøyk er i nær slekt med valmuar, og inneheld alkaloidar, men i mindre mengder enn i valmua. Det er fastslege at jordrøyk har ei svak urindrivande og avførande verknad. Han er ei bitter, styrkjande urt som vekkjer appetitten og er avførande ved at han stimulerar den glatte muskulaturen i tarmane.

Jordrøyk har i lang tid vore brukt til behandling av hudplager som utslett, kronisk eksem, skabb og kviser. Virkninga skuldast kanskje den generelt utrensande og avgiftande virkninga som skjer gjennom nyre og lever, men den kan også komme av innhaldet av fumarinsyre, som mellom anna kan lindre symptom knytt til psoriasis.

Kan vere giftig[endre | endre wikiteksten]

Jordrøyk er i store dosar giftig og kan gi kraftig diaré, muskelkramper og sviktande åndedrett. Urta skal derfor brukast under oppsyn av lege eller kvalifisert terapeut. Inntil det blir utført meir forsking som kan dokumentere tryggleiken til urta, frårår ein at jordrøyk blir brukt av gravide og ammande. Urta skal heller ikkje gjevast til barn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jordrøyk