Jordskjelv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Francisko etter jordskjelvet i 1906.

Jordskjelv er rystingar i jordskorpa som skuldast tektoniske platerørsler. Læra om jordskjelv heiter seismologi. Jordskorpa er inndelt i plater og over tid så oppstår det spaningar mellom platene. Når spaninga vert stor nok, skyv dei seg brått i forhold til kvarandre og eit jordskjelv oppstår. Desse forskyvingane skjer langs såkalla forkastingar eller brotsoner. Vanlegvis ligg forkastingane djupt nede i jorda, men stundom òg heilt opp til overflata. Frå sentrumet av jordskjelvet flyttar rystingane seg i alle retningar som jordskjelvbølgjer, og nokre av desse kan samanliknast med lydbølgjer. Om bølgjene er sterke nok, vil dei merkast direkte som rystingar i bakken, mens ein meir fintfølande seismograf kan fange opp mindre bølgjer.

Seismisitet eller jordskjelvaktivitet syner til kor ofte og kor kraftige jordskjelva vert i ulike geografiske område.[1]


Styrke[endre | endre wikiteksten]

Styrken av jordskjelv måler ein på richterskalaen og er knytt til den utløyste energien i jordskjelvsenteret. Skalaen er eksponentiell, så t.d. eit jordskjelv på 7,3 er femti gongar kraftigare enn eit 6,3-skjelv og 2 500 gongar sterkare enn eit på 5,3. Det er ingen nedre eller øvre grenser på skalaen, men det har aldri vore målt høgare verdiar enn 9,5. Jordskjelvet i Indiahavet 2004 hadde ein styrke på 9,3 og ei brotsone som var 1200 km lang. Slike skjelv kan føre til store endringar i landskapet og utløyser ei energimengd som tilsvarar over 100 millionar tonn sprengstoff (TNT) eller over 100 000 gonger meir energi enn det årlege forbruket i Noreg.

jorda er det meir enn 1,1 millionar jordskjelv kvart år. Ein million av desse er så svake at dei overhovudet ikkje kan merkast av menneske.

Eitt eller to jordskjelv per dag måler over 2,0 i styrke. Den som opplever eit slikt skjelv, kan ikkje unngå å merka det.

Om lag 12 000 jordskjelv per år ligg mellom 4 og 5 på Richter-skalaen og kan forårsaka materielle skadar. 2 000 årlege skjelv er så alvorlege at dei kan øydeleggja bygningar.

Jordskjelvsoner[endre | endre wikiteksten]

Jordskjelva fordeler seg som regel langs grenseflatene mellom jordskorpeplatene, der dei oppstår regelmessig. Ein kjent jordskjelvsone er den såkalla Eldringen i Stillehavet, der det òg finst mange aktive vulkanar. Denne ringen går rundt heile Stillehavet. Ein annan ring går frå Atlanterhavet og gjennom Middelhavet, Italia, Balkan og Tyrkia, og vidare gjennom Iran, Pakistan og Nord-India til Myanmar og Kina.

Skadar og mottiltak[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at mellom 50 og 100 millionar menneske har omkomme som følgje av jordskjelv i historisk tid, og er derfor ein av dei mest farlege naturkatastrofane me har. På 1990-talet kosta jordsjkjelva over 200 milliardar amerikanske dollar. Dette skuldast ikkje at jordskjelva er blitt kraftigare og fleire, men kjem av folketalet aukar, og utviklinga og urbaniseringa av verda har gjort verdssamfunnet meir sårbart for slike katastrofar.

Forsking har vist kor, kor ofte, korleis og kvifor jordskjelva oppstår. Ein kan dermed utføre statistiske risikoanalysar, slik at ein best mogeleg kan motstå belastingane frå jordskjelva når ein byggjer nye byggverk. Skadar frå jordskjelv er i dag meir eit sosioøkonomisk problem, enn eit teknologisk problem, fordi det er dyrt å verne seg mot jordskjelv.

Nokre jordskjelv (< 250 per år) er livsfårlege for menneske. Sjå liste over store jordskjelv.

Norske forhold[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner til jordskjelv i Noreg frå gammalt av, sjølv om ingen av dei har hatt styrker over 6 på Richterskalaen. Dei fleste jordskjelva oppstår langs kysten av Vestlandet, i Nordsjøen, langs kysten av Nord-Noreg, langs heile kontinentalsokkelen, og i Oslo-området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Seismisitet. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/seismisitet.