Jordskjelvet i Aleppo i 1138

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jordskjelvet i Aleppo i 1138
jordskjelv
Land  Syria
Koordinatar 36°13′N 37°10′E / 36.217°N 37.167°E / 36.217; 37.167
Dato 11. oktober 1138
Drepne ukjend verdi
Kart
Jordskjelvet i Aleppo i 1138
36°13′00″N 37°10′00″E / 36.2167°N 37.1667°E / 36.2167; 37.1667

Jordskjelvet i Aleppo i 1138 var eit av dei mest dødelege jordskjelva i historia. Namnet er henta frå byen Aleppo nord i Syria, der tapa var størst. Jordskjelvet skjedde den 11. oktober 1138, etter eit mindre skjelv den tiande.[1] Det vert ofte oppført som det tredje mest dødelege gjennom historia,[2] etter Shensi og Tangshan-jordskjelva i Kina.[3] Talet 230 000 døde er derimot basert på ei historisk samanblanding av dette jordskjelvet og jordskjelvet som skjedde i november 1137 på Jazirasletta og det mindre skjelvet den 30. september 1139 i den transkaukasiske byen Ganja. Første gongen 230 000 vart nemnt var av Ibn Taghribirdi på 1400-talet.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Aleppo ligg nord i Daudehavsforkastinga, ei forkasting som ligg i grenseområde mellom den arabiske plata og den afrikanske plata. Jordskjelvet var starten på to intense periodar med jordskjelv i området: frå oktober 1138 til juni 1139 og ein mykje meir intens periode frå september 1156 til mai 1159. Den første serien råka områda kring Aleppo og vestlege delen av regionen Edessa (dagens Şanlıurfa i Tyrkia). I den andre perioden vart området frå det nordvestlege Syria, nordlege Libanon til regionen kring Antiokia (dagens Antakya, i det sørlege Tyrkia) råka av særs kraftige jordskjelv.[5]

Midt på 1100-talet var det nordlege Syria krigsherja. Krossfararstatane vart oppretta av vesteuropearar, som fyrstedømet Antiokia, og desse var i konstant strid med dei muslimske statane i Nord-Syria og Jazeerah, i hovudsak Aleppo og Mosul.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gate i det kristne kvarteret i Aleppo.

Ibn al-Qalanisi, som budde i Damaskus på denne tida, skildra hovudskjelvet onsdag den 11. oktober 1138. Han skreiv at det heile starta med eit skjelv den 10. oktober og at det var fleire etterskjelv kvelden den 20. oktober, 25. oktober, natt til 1. november og eit siste tidleg på morgonen den 3. november. Kemal al-Din, ein seinare forfattar, skriv berre om eit enkelt jordskjelv den 19.–20. oktober, som ikkje stemmer med det al Qalanisi skriv. Sidan al Qalanisi skreiv dette medan jordskjelva skjedde og at historia hans stemmer med det andre historikarar skriv, vert datoen hans 11. oktober rekna som den gjeldande.

Området som vart hardast råka var Harem, der krossfararane hadde bygde eit stort festningsanlegg. Kjelder indikerer at borga vart øydelagd og at kyrkja kollapsa. Fortet Atharib, som då var okkupert av muslimar, vart øydelagd. Festninga kollapsa òg, og 600 borgvakter mista livet, medan guvernøren og somme av tenarane hans overlevde og flykta til Mosul. Byen Zaradna, som alt hadde blitt plyndra av dei krigande partane, vart heilt jamna med jorda, og det same vart det vesle fortet ved Shih.

Innbyggjarane i Aleppo, ein stor by med fleire titusen innbyggjarar, hadde blitt åtvara av forskjelva og flykta til landsbygda før hovudskjelvet. Murane i citadellet kollapsa og det same gjorde murar aust og vest for citadellet. Mange hus vart rasert og steinande dei var bygd av fall ned i gatene. Det vart sagt på denne tida at Aleppo var øydelagd, men rapportar frå denne tida indikerer at han ikkje tok den verste støyten.

Øydeleggingar vart òg registrert i Azrab, Bizaah, Tell Khalid og Tell Amar. Hovudskjelva og etterskjelva vart merka i Damaskus, men ikkje i Jerusalem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Encyclopedia Britannica online». Henta 1. april 2014. 
  2. Most Destructive Known Earthquakes on Record in the World, United States Geological Survey
  3. «MSNBC Deadliest Earthquakes». Henta 1. april 2014. 
  4. 4,0 4,1 Ambraseys, Nicholas N., «The 12th century seismic paroxysm in the Midtausten: a historical perspective» (PDF), Annals of Geophysics, Vol. 47, N. 2/3, April/June 2004, s. 743.
  5. Guidoboni1, E.; Bernardini, F. & Comastri1, A. (2004), «The 1138–1139 and 1156–1159 destructive seismic crises in Syria, south-eastern Turkey and northern Lebanon», Journal of Seismology 8 (1): 105–127, Bibcode:2004JSeis...8..105G, doi:10.1023/B:JOSE.0000009502.58351.06