Jordskjelvet i Kivu i 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 2°18′50″S 28°53′46″E
Jordskjelvet i Kivu i 2008
jordskjelv
none
Land Flag of Rwanda.svg Rwanda, Flag of Burundi.svg Burundi Flag of the Democratic Republic of the Congo.svg Den demokratiske republikken Kongo, Flag of Kenya.svg Kenya
Stad Kivusjøen
 - koordinatar 2°18′50″S 28°53′46″E
Djupne 10 km
Dato 3. februar 2008
Styrke 5.9 Mw
Drepne og såra 44 døde og 349+ skadde[1]

Jordskjelvet i Kivu i 2008 var eit jordskjelv som råka fleire land kring Dei store afrikanske sjøane kl. 0734 den 3. februar. Det målte 5,9 på momentmagnitudskalaen i følgje United States Geological Survey[2] og varte kring 15 sekund.[3][4] Episenteret låg 20 km nord for Bukavu ved Kivusjøen i Den demokratiske republikken Kongo.[4]

Detaljar[endre | endre wikiteksten]

Minst 25 menneske omkom i Rwanda, og kring 200 vart alvorleg såra. Ti menneske omkom då ei kyrkje kollapsa i Rusizi-distriktet i Den vestlege provinsen i Rwanda, i følgje radio i Rwanda[5] I Den demokratiske republiken Kongo vart minst fem stadfesta døde og 149 alvorleg skadde.[6]

Jordskjelvet vart merka i Burundi, der det førte til straumbrot, og så langt borte som den kenyanske hovudstaden Nairobi.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]