Jordskjelvet i Skopje i 1963
| Skopje 1963 | |
| jordskjelv | |
|
Den amerikanske hæren i Skopje etter jordskjelvet i 1963
|
|
| Land | |
|---|---|
| Stad | Sosialistrepublikken Makedonia, dagens Republikken Makedonia |
| - koordinatar | |
| Djupne | 6 km |
| Dato | 26. juli 1963 |
| Styrke | 6,1 Mw |
| Drepne og såra | 1000–1100 drepne[1] [2] 3000–4000 skadde. |
Jordskjelvet i Skopje i 1963 (makedonsk Скопски земјотрес 1963, Skopski zemjotres 1963) var eit jordskjelv som råka Skopje i SR Makedonia (i dag Republikken Makedonia), då ein del av Jugoslavia, den 26. juli 1963.
Jordskjelvet målte 6,1 på momentmagnitudeskalaen (tilsvarer 6,9 på richterskalaen) og oppstod kl. 05.17 lokaltid i Skopje. Skjelvet varte 20 sekund og kunne merkast langs heile Vardardalen.
Få dagar etter jordskjelvet kravde 35 nasjonar i SN si generalforsamling at Skopje skulle få støtte i form av pengar, medisinar, oppbygging og forsyningar frå 78 land. Den kjende kunstnaren Pablo Picasso donerte måleriet sitt Hovudet av ei kvinne som vart stilt ut i Museet for Samtidskunst i Skopje.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «1963 Skopje earthquake» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- On This Day: 26 July; 1963: Thousands killed in Yugoslav earthquake BBC
- Seismic Ground Motion Estimates for the M6.1 earthquake of July 26, 1963 at Skopje, Republic of Macedonia Department of Earth Sciences, Trieste, Italia
- Skopje-skjelvet i 1963 SeismoArchives, Incorporated Research Institutions for Seismology
- Jordskjelvet på inyourpocket.com
Referansar [endre]
- ↑ http://www.univ.trieste.it/~dst/RAF06/People/Denis/Skopje9.pdf Seismic Ground Motion Estimates for the M6.1 earthquake of July 26, 1963 at Skopje, Republic of Macedonia] Department of Earth Sciences, University of Trieste, Trieste, Italy
- ↑ Marking the 44th anniversary of the catastrophic 1963 Skopje earthquake MRT, Thursday, 26 July 2007