Jordskjelvet i Van i 2011
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Jordskjelvet i Van i 2011 | |
| jordskjelv | |
|
USGS-kart over Van-skjelvet
|
|
| Land | |
|---|---|
| koordinatar | |
| Djupne | 7 2[1] km |
| Dato | 23. oktober 2011 |
| - Tid | 13:41 |
| Styrke | 7,1 Mw[2] |
| Etterskjelv | 9367[3] |
| Drepne og såra | 604 drepne og 4152 skadde 23. oktober[4] 40 drepne og 260 skadde 9. november |
Jordskjelvet i Van i 2011 vart eit øydeleggjande jordskjelv i Van med styrke 7,2 momentmagnitude aust i Tyrkia den 23. oktober kl. 13:41. Skjelvet skjedde 20 km underbakken og skapte kraftige skjelv over det meste av Aust-Tyrkia og mindre skjelv i Sør-Kaukasus og Levanten. Jordskjelvet tok livet av 604 menneske og 4152 vart såra. Over 11 000 bygg vart øydelagde i regionen, og minst 60 000 menneske vart heimlause.
Eit nytt jordskjelv med magnitude 5,7 råka Van 9. november same året, kl. 21:23. I dette skjelvet mista 40 personar livet og fleire hundre vart såra. Minst ein av redningsarbeidarane frå det førre skjelvet mista livet.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «2011 Van earthquake» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Hundreds Feared Dead after Earthquake Hits Van, Turkey». Herald Sun. Australia. 24 October 2011. http://www.heraldsun.com.au/news/world/turkey-quake-could-have-killed-hundreds/story-e6frf7lf-1226174668147. Henta 22. august 2012.
- ↑ «Magnitude 7.1 – EASTERN TURKEY». USGS. 23 October 2011. http://earthquake.usgs.gov/earthquakes/recenteqsww/Quakes/usb0006bqc.php. Henta 22. august 2012.
- ↑ http://www.hurriyet.com.tr/gundem/20256858.asp
- ↑ «Earthquake Van – Ercis, Turkey». earthquake-report.com. http://earthquake-report.com/2011/10/23/very-strong-dangerous-earthquake-in-eastern-turkey/. Henta 22. august 2012.