Jorge Juan y Santacilia
Jorge Juan y Santacilia (1713–1773) var ein spansk vitskapsmann og sjøfarar.
Jorge Juan voks opp i ein velutdanna familie og vart som ung tatt opp som riddar av Maltesarordenen. Han studerte matematikk før han byrja på marineskulen Academia de Guardias Marinas de Cádiz i 1730, og synte seg som ein usedvanleg skarp læresvein. Han segla så i fleire år i Middelhavet for den spanske flåten før han i 1734 vart spurd om å delta i ein fransk-spansk ekspedisjon til koloniområda i vest. Spania var særleg opptatt av å få betre kartografisk og geodesisk kunnskap for såleis å lettare gjere sikrare reiser. På denne tida var ein framleis ikkje sikker på den nøyaktige jordformasjonen, noko som gjorde det vanskeleg å rekne ut avstanden mellom breidde- og lengdegradene.
Ekspedisjonen varte mellom 1735-1744, og ei rekkje målingar vart gjennomførde i Karibia og i Andesfjella, i tillegg til jungelområde innanfor. Særmerka franske vitskapsmenn frå Académie française som Pierre Bouguer og Charles de La Condamine deltok også på denne ekspedisjonen.
Etter tilbakereisa til Spania brukte Jorge Juan fleire år på å skrive ned og publisere den nye kunnskapen. Mellom 1748-49 var han utsending til Storbritannia og fungerte i praksis som spion med særskild interesse for den britiske flåten. I 1753 fekk han bygd stjerneobservatoriumet i Cádiz (som seinare vart flytta til Isla de León, der det ligg no).
Jorge Juan er ein svært viktig skikkelse i spansk vitskapshistorie som kombinerte teoretisk og matematisk kunnskap med praktiske ferdigheiter innan kartografi, navigasjon og skipsbyggjing.
Kjelder [endre]
- Pimentel, Juan. 2008. Jorge Juan, Mutis y Malaspina. Viajeros científicos. NIVOLA libros: Madrid