Joris-Karl Huysmans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joris-Karl Huysmans (1848–1907)

Joris-Karl Huysmans (uttalast: ɥis.mɑ̃s), oftast berre kalla J.-K. Huysmans (5. februar 184812. mai 1907) var ein fransk forfattar og kunstkritikar, fødd og død i Paris. Han heitte opphavleg Charles Marie Georges Huysmans, men fann seg eit nytt førenamn.

Huysmans vart fødd i nr. 11 (no nr. 9) i rue Suger i sjette arrondissement i Paris, der han budde heile sin barndom. Faren, Godfried Huysmans, var hollandsk og litograf av yrke, og mora, Malvina Badin, var fransk og skolestyrar.

Heile sitt yrkesaktive liv var Huysmans tilsett i innanriksministeriet, frå 1866 og fram til han vart pensjonert. I den siste bolken av livet konverterte han til katolisismen.

Som kunstkritikar var han med på å gjere den impresjonistiske målarkunsten og symbolismen kjend og akseptert i Frankrike, og gjorde sitt til at publikum skulle gjenoppdaga dei såkalla primitive målarane.

Huysmans' mest vidgjetne roman er À rebours frå 1884, som skildrar ein bolk i livet til ein einskild person, estetikaren des Esseintes. Denne romanen står for det mest klare dømet på den «dekadente» litteraturen som utspelte seg på slutten av 1800-talet. Romanen er omsett til norsk[1].

Huysmans debuterte som forfattar i 1874 med ei lita samling prosadikt, Le drageoir aux épices. På denne tida var naturalismen i ferd med å bli tonesetjande i fransk litteratur, og Huysmans var blant dei fyrste i den unge generasjonen som slutta seg til Flaubert, Goncourt-brørne og Zola. I 1876 kom hans første roman, Marthe, soga til ei gledesjente, og i 1879 Les soeurs Vatard, ei forteljing om to kvinner som arbeider i eit bokbinderi. Men publiseringa av À rebours i 1884 skulle kome til å representere eit kraftig brot med den naturalistiske estetikken og litterære skulen som Émile Zola hadde skapa. Symbolismen hadde gjort det mogleg å utforske nye tilhøve og sider ved livet, og Huysmans vart den fremste representanten for den estetikken som vart summert opp i omgrepet fin de siècle.

Romanen À rebours skulle få litteraturen ut av naturalismens blindveg og opne nye vegar. I den samanhangen byrja Huysmans òg å sjå på spørsmålet om sin eige personlege religiøse tru, og han lét romanen ende med orda: «Seigneur, prenez pitié du chrétien qui doute, de l'incrédule qui voudrait croire, du forçat de la vie qui s'embarque seul, dans la nuit, sous un firmament que n'éclairent plus les consolants fanaux du vieil espoir».

Viktigaste verk[endre | endre wikiteksten]

  • Le Drageoir aux épices (samling av prosadikt, 1874).
  • Marthe, histoire d’une fille (roman, 1876).
  • Les Sœurs Vatard (roman, 1879).
  • Sac au dos (novelle utgjeve i Les Soirées de Médan, 1880).
  • Croquis parisiens (prosadikt, 1880).
  • En ménage (roman, 1881).
  • À vau-l’eau, novelle, éditions Henry Kistemaeckers, Bruxelles, 1882.
  • L’Art moderne (kunstkritikk, 1883).
  • À rebours (roman, 1884).
  • En rade (roman, 1887).
  • Un dilemme (novelle, 1887).
  • La Retraite de monsieur Bougran (novelle, 1888 ; publisert posthumt i 1964).
  • Certains (kunstkritikk, 1889).
  • La Bièvre (monografi, 1890).
  • Là-bas (roman, 1891).
  • En route (roman, 1895).
  • La Cathédrale (roman, 1898).
  • La Bièvre et Saint-Séverin (monografi, 1898).
  • Les Gobelins ; Saint-Séverin (monografi, 1901).
  • Sainte Lydwine de Schiedam (hagiografi, 1901).
  • De tout (samling av artiklar, 1902).
  • L’Oblat (roman, 1903).
  • Trois Primitifs (kunstkritikk, 1905).
  • Les Foules de Lourdes (roman, 1906).
  • Trois Églises (monografi, publisert posthumt 1908).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk omsetjing: Mot strømmen; omsett og med etterord av Jan Olav Gatland. Klassikerserien moderne tider 33. Oslo 1998: Bokvennen. ISBN 82-7488-087-0