Jorma Kinnunen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jorma Vilho Paavali Kinnunen (fødd 15. desember 1941) frå Pihtipudas er ein finsk, tidlegare friidrettsutøvar. Han vann sølvmedaljen i spydkast under Sommar-OL 1968, året etter sette han verdsrekord med 92,70 m. Han var 174 cm høg, lite til spydkastar å vere, og vart gjerne kalla den vesle kjempa. Han er far til spydkastaren Kimmo Kinnunen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kinnunen deltok i tre olympiske sommarleikar og i tre europameisterskap i perioden 1964 til -72. Han vart nummer seks i dei olympiske sommarleikane både i 1964 og i 1972. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico by utkjempa han ein drabeleg duell mot Janis Lusis. Etter 2. omgangen tok Lusis leiinga med eit kast på 86,34, berre fire cm føre Kinnunen. Denne stillinga stod seg fram til sjette og siste omgangen. Lusis opna omgangen med eit kast på heile 90,10 m. Også Kinnunen la på i sisteomgangen, men med 88,58 m vart det sølvplass.

18. juli 1969 sette Kinnunen i Tampere verdsrekord i spydkast med eit kast på 92,70 m. Han var då mellom dei største favorittane under EM i Athen eit par månader seinare. Men han enda som nummer 10. Hans beste EM-prestasjon kom i 1971, då han på finsk heimebane kom på femteplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Finsk meister fem gongar[endre | endre wikiteksten]

År 1964 1965 1966 1968 1969
Lengde (m) 77,73 82,48 84,10 85,80 89,72

Under det finske meisterskapet 1970 demonstrerte Kinnunen og kollega Pauli Nevala, gjennom tre "overtrampskast", både mot det finske friidrettsforbundet og mot finske media. Dei to protesterte mot det dei oppfatta som dårleg behandling.

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1963 1964 1965 1966 1968 1969 1970 1971 1972 1974
Lengde (m) 75,33 84,63 88,14 84,10 88,58 92,70 90,00 87,78 85,50 80,56

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]