Jorodd Asphjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorodd Asphjell

Fødd17. juli 1960 (63 år)
Orkdal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Jorodd Asphjell (fødd 17. august 1960 i Orkdal i Sør-Trøndelag) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har sete på Stortinget for Sør-Trøndelag sidan 2005. Asphjell var varaordførar i Orkdal kommune frå 1999 til 2003, og har sete åtte år i kommunestyret i Orkdal. Han har også sete tolv år i Sør-Trøndelag fylkesting og fylkesutvalet frå 1987 til 1999.

Jorodd Asphjell voks opp på Fannrem i Orkdal. Han har vore engasjert i frivillig arbeid i Orkdal idrettslag med leiarverv frå 1989 til 2004, og har vore nestleiar i Sør-Trøndelag Skikrets. Adresseavisen kåra han i juni 2008 til den mest innverknadsrike i trøndersk idrett.[1] Han vart æresmedlem i Orkdal IL i 2003.

Asphjell er utdanna trykker, og arbeidde i trykkeri 1977–1994, som sjølvstendig næringsdrivande 1994–1997, og som fylkessekretær i Arbeidarpartiet 1997–2005.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. juni 2008, henta 13. september 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]