Jorsala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jorsalaland)
Kong Sigurd og Kong Baldvine rir frå Jorsalaborg til elva Jordan. Illustrasjon av Gerhard Munthe.

Jorsala (genitiv av Jorsalir) var det norrøne namnet på Jerusalem.[1] I norske omsetjingar av dei norrøne kongesogene kan ein bruka omgrepa Jorsalaborg om byen, og Jorsalaland eller Jorsalaheim om området.[2]

Ordet har gjeve tilnamnet «Jorsalfare» for ein person som hadde vore i Jerusalem på valfart eller krosstog, som kong Sigurd Jorsalfare.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 «Jorsala». Store norske leksikon. 21. juni 2017. Henta 15. august 2018. 
  2. Snorre Sturlason (1900). «Soga um Magnus-sønine». Kongesogur. Sett om av S. Schjött. heimskringla.no.