Jortedyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jortedyr


Snøgeit (okse)
Snøgeit (okse)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Underorden: Ruminantia
Vitskapleg namn
Ruminantia

Jortedyr eller drøvtyggarar (Ruminantia) er ei gruppe partåa hovdyr, kjenneteikna ved at dei tygg maten to gonger – dei jortar (ørtar) maten. Jortedyr har lang mellomfot og som oftast fire tær, dei to i midten med klauver. I overmunnen manglar framtennene. Merk at jortedyr er ei vidare dyregryppe enn hjortedyr.

Jortedyr lever av planteføde. Magen er todelt, slik at maten første gongen berre blir grovtoggen og svelgd ned i frammagen, som er delt i to: vomma og nettmagen. Etter ein gjæringsprosess vert maten støytt opp att i små klumpar, slik at dyret kan fintygge maten medan det kviler. Når dyret svelgjer maten for andre gong, er han så blanda med spytt at han renn forbi frammagen, gjennom bollerenna nedst i matrøyret og inn i meltemagen, som òg er delt i to: bladmagen og løypemagen. Dei fire delane av magen er ulikt utvikla hos forskjellige jortedyr.

Av norske husdyr høyrer ku, sau og geit til jortedyra. Det finst seks viltlevande artar jortedyr i Noreg: dådyr, elg, hjort, moskus, rein og rådyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Erling Sølvberg (1956) «jortedyr» – i: Norsk Allkunnebok, bind 7 (red. Arnulv Sudman), s. 49-50 – Fonna, Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jortedyr