José Manuel Durão Barroso
José Manuel Durão Barroso (fødd 23. mars 1956 i Lisboa) er ein portugisisk politikar og jurist som har vore president for Europakommisjonen sidan 23. november 2004, då han overtok etter Romano Prodi. Frå 2002 til 2004 var han statsminister i Portugal.
Barroso studerte jus ved Universitetet i Lisboa, seinare økonomi og samfunnsvitskap i Genève i Sveits. Som universitetslektor spesialiserte han seg i internasjonal politikk i Lisboa, seinare i Washington, der han tok filosofisk doktorgrad. Etter at han kom tilbake til Portugal vart han direktør for avdelinga for internasjonal politikk ved Lusíada-universitetet i Porto.
Han vart medlem av nasjonalforsamlinga i Portugal i 1985. Barosso var utanriksminister frå 1992 til 1995, og partileiar i Partido Social Democrata, som trass i namnet er eit høgreparti, frå 1999 til 2004. I Europakommisjonen sit han for Det europeiske folkepatiet.
I tillegg til morsmålet, portugisisk, snakkar Barroso flytande engelsk, fransk og spansk. Han er gift og har tre ungar.
Bakgrunnsstoff [endre]
- José Manuel Durão Barroso si heimeside hjå Europakommisjonen
- «José Manuel Durão Barroso» på Store Norske Leksikon
| Føregjengar António Manuel de Oliveira Guterres |
Statsminister i Portugal 2002–2004 |
Etterfylgjar Pedro Santana Lopes |
| Føregjengar Romano Prodi |
President i Europakommisjonen 2004– |
Etterfylgjar — |