Josef Ferdinand av Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Josef Ferdinand
JosephFerdinand.jpg
Josef Ferdinand av Joseph Vivien i 1698
Kurfyrste av Bayern
Fyrste av Asturias
Fødd 28. oktober 1692
Fødestad Hofburgpalasset i Wien
Død 6. februar 1699 (6 år)
Dødsstad Brussel, Dei austerrikske Nederlanda
Far Maximilian II Emanuel
Mor Maria Antonia av Austerrike

Hertug Josef Ferdinand Leopold av Bayern, fyrste av Asturias (28. oktober 16926. februar 1699) var sonen til Maximilian II Emanuel av Bayern (1679–1705, 1714–1726) og den første kona hans, Maria Antonia av Austerrike, dottera til Leopold I av Det tysk-romerske riket og dotterdotter til kong Felipe IV av Spania.

Før den spanske arvefølgjekrigen var Josef Ferdinand det føretrekte valet til kongedømet England og Dei sameinte Nederlanda til å overta som herskar av Spania og den unge Karl II av Spania valte han som arvingen sin. Det uventa dødsfallet til Josef Ferdinand i 1699, seks år gammal, gjorde at den engelsk-franske avtalen ikkje lenger gjaldt og førte til London-traktaten (1700), der Frankrike, England og Nederland gjekk med på at Filip av Anjou skulle få kongedømet Napoli, kongedømet Sicilia og hertugdømet Milano, medan resten av dei spanske områda skulle gå til Karl, sonen til Leopold I. Men Leopold aksepterte ikkje denne avtalen og Ludvig XIV av Frankrike braut han, då han krona Filip til konge av Spania.

Josef, òg kjend som Infant Josef Ferdinand av Spania, bar preg av ekstrem innavl i det spanske Habsburg-dynastiet. Mor til Josef Ferdinand (Maria Antonia av Austerrike) si ætt hadde særs mange nieser som gifta seg med onklane sine. Maria Antonia var dotter til Margaret Theresia av Spania og Leopold I av Det tysk-romerske riket. Margaret Theresia var niesa til Leopold, dotter til systera Mariana av Austerrike og Filip IV av Spania, som òg var niese og onkel.

Grandonkelen til Josef Ferdinand var den såkalla forheksa Karl II av Spania, som var den siste Habsburgmonarken i Spania og som Josef skulle overta etter om han ikkje hadde døydd før Karl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]