Joseph Haydn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joseph Haydn
Haydn portrait by Thomas Hardy (small).jpg
Portrett laga av Thomas Hardy, 1792
Verkeleg namn Franz Joseph Haydn
Fødd 31. mars 1732, Rohrau i Niederösterreich i Austerrike
Død 31. mai 1809 (77 år), Wien
Periode Klassisismen
Sjanger Solokonsertar, kammermusikk, klavermusikk, symfoniar
Aktive år 1749-1804
Yrke Komponist

Franz Joseph Haydn (fødd 31. mars 1732 i Rohrau i Niederösterreich i Austerrike, død 31. mai 1809 i Wien) var ein austerriksk komponist, og utgjer saman med Mozart og Beethoven dei leiande komponistane i den mogne wienerklassisismen. I dag er Haydn truleg mest kjend som som far til symfonien og strykekvartetten, og som ven av Mozart og læremeister til Beethoven. I populæropinionen frå 1800-talet og fram til i dag har assosiasjonen med desse to komponistane vore ei ulukke for Haydn. Nesten utan unntak har han vore rekna som ein viktig føregangsfigur, men musikalsk underlegen Mozart og Beethoven. I fagsirklar er han derimot rekna som deira musikalske likemann. I 2009 er det 200 år sidan Haydn døydde, og med dette jubileet ynskjer mange å forsøkja å gjeve Haydn statusen han fortener.

Blant dei mest kjende verka til Haydn finn ein London-symfoniane, Die Schöpfung, Missa in Angustiis, betre kjend som Nelson-messa, og folkehymna Gott Erhalte Franz den Kaizer, som skulle bli nasjonalsong både i keisardømet Austerrike-Ungarn, og det noverande Tyskland.

Joseph Haydn var bror av komponistar Michael Haydn, og tenoren Johann Evangelist Haydn.

Livslaup[endre | endre wikiteksten]

Borndom[endre | endre wikiteksten]

Franz Joseph Haydn blei fødd den 31. mars, 1732, i den vesle byen Rohrau i Austerrike, nær grensa til Ungarn. Han blei fødd inn i ein familie av hjulmakrar, eit yrke som hadde høg status i bondesamfunn på den tida. Far til Joseph, Mathias, var og borgarmeister. Han var godt kjend med lokal folkemusikk, i eit område der du hadde både austerrikske, ungarske og kroatiske tradisjonar. Denne tradisjonen hadde utan tvil påverknadpå Haydn sin musikk, og var rota i eit stridsmål på attenhundretalet om det etniske opphavet til Haydn-slekta.

Som seksåring blei Haydn gjeve i varetekta til Johann Matthias Frankh, ein fjern slektning og korleiar i Hainburg. Haydn sa sjølv seinare at Frankh gav han meir juling enn mat, men han læra å spela fiolin og cembalo, og var takksam for dette resten av livet. To år seinare blei han overført til koret i Stefansdomen i Wien, under Georg Reutter. Og her gjekk Haydn ofte svolten, då Reutter ofte klare å lura unda pengane sett til side for mat til korgutane. For å kompensere for dette song gutane ofte i husa til rike aristokratar, der dei fekk mat som løn. Reutter var lite interessert i å læra Haydn komposisjon, men guten blei likevel kjend med store mengder musikk i dei ni åra han song i koret. Rundt 17-årsalderen kom Haydn i stemmeskiftet. Reutter foreslo ein operasjon for å gjera Haydn til "permanent sopran", men foreldra sa nei. Utan meir bruk for han kasta difor Reutter han ut på gata, med lite klede, ingen pengar og ingen ordentleg musikkutdanning.

Magre år og suksess[endre | endre wikiteksten]

I åra som kom klarte Haydn på så vidt å få endane til å møtast, ved å kombinere arbeid som lærar, akkompagnatør, organist og komponist av dansemusikk. Han nytta og ein kvar moglegheit til å bli kjend med meir musikk, C.P.E. Bach var ein favoritt (og på den tida og den meste kjende komponisten i Tyskland). Den geografiske plasseringa til Austerrike var svært ideell for komponistspirar, for her blei Haydn kjend med musikk både frå Tyskland, Italia og Mannheim i Pfalz, spesielt kjend for populariseringa av orkestercrescendoet.

I 1758 blei Haydn tilsett av ein Hertug Morzin (ein er ikkje sikker på kven) for å skriva for hofforkesteret sitt. Det er frå denne perioden dei fleste tidlege verka som har overleve kjem frå. Alt i 1761 blei Morzin tvunge til å oppløyse orkesteret grunna finansielle problem, og Haydn blei tilsett av fyrst Paul Anton Esterházy, ein ungarsk prins tilhøyrande habsburgarslekta. Haydn var dei neste 29 åra som kapellmeister for Esterházy-slekta. Det er frå denne tida den store majoriteten av verka til Haydn er frå. Orkesteret han no hadde til disposisjon var mykje større og betre trena enn orkesteret til Morzin var, og prinsane Haydn jobba for var musikalske og støttande, og let han få eksperimentere utanfor dei opptrakka stigane dei fleste komponistar måtte arbeida innanfor. Etter kvart blei Haydn anerkjend som

Om Haydn si musikalske utvikling var ein triumf, var kjærleikslivet hans ein katastrofe. Medan han jobba som freelansar, blei Haydn fyrst forelska i ein av klaverelevane sine. Namnet hennar var Teresa Keller,og ho var dotten av ein parykkmakar. Men faren hennar hadde bestemt at ho skulle sendast i kloster (ikkje uvanleg for den yngste dottera i religiøse familiar). Då Haydn blei hyra av fyrst Morzin, klarte han i staden å truga Haydn til å gifta seg med den elste dottera, Maria Anna. Maria Anna skal ha vore stygg, kranglete, ufruktbar, ei dårleg hushalderske, storsløsar, og, kanskje verst av alt for Haydn, totalt umusikalsk. Venar av Haydn har fortalt korleis ho bruke Haydn sine handskrivne manuskript til å laga bakstformer og hårrullar. Både Joseph og Maria Anna er hadde utanomekteskapelege affærar. Vidare var musikken til Haydn enno ikkje sett pris på ved det austerrikske hoffet, og mange av musikkvitarane på same tid var samde (Mozart var eit unntak vi skriv meir om nedanfor). Musikken til Haydn blei kritisert for å blanda samen seriøse og komiske element. Dette skulle bli eit karakteristisk trekk før den høgklassiske stilen som Haydn, Mozart og Beethoven stod for, men stod i sterk kontrast med den tidlegare barokke stilen, der eit verk skulle vera sentrert rundt ein affekt.

Triumfen i London[endre | endre wikiteksten]

Om Wien lenge var skeptisk til Haydn, var han elska i London lenge før han reiste dit. For å illustrera dette kan ein sjå på eit avisutklypp frå avisa The Gazeteer & New Daily Advertiser, 17. januar 1785:

Haydn, den enklaste så vel som den største blant menn, er resignert til dei simplaste kår... og dediserer livet sitt til den romersk-katolske kyrka sine ritual og seremoniar[...] [han er] nøgd med å leva mura inne ein stad lite betre enn ei fengselshole, slave av den dominerande oppførselen til ein simpel Fyrste, og det vanskelege temperamentet til ein skoldande hustru. Ville det ikkje vera eit mål nett som ei pilegrimsferd for ein ambisiøs ungdom, å redda han frå lagnaden sin og flytta han til Storbritannia, som verkar som skapa for han?

I 1790 døydde prins Nicholas, og arvingen Anton, uinteressert i musikk, oppløyste orkesteret. Kort tid etter blei Haydn tilboden å reisa til London av den kjende impresarioen Johan Peter Salomon. Der fekk han med ein gong ein status blant folket ingen komponist sidan Händel hadde hatt. Dei atten månadane han var i London var på alle måtar ein fantastisk suksess. Då han kom attende til Wien i 1792, og der ein enno ikkje var overtydd, reiste han attende i 1794, og blei det neste året. Det var på under desse besøka at dei 12 London-symfoniane, dei mest kjende symfoniske verka til Haydn, blei framførde. Under denne reisa fekk Haydn treffe kong Georg III, og fekk overrekt eit originalmanuskript av Händel av dronninga. Dei bad han personleg om å slå seg ned i England, men Haydn takka nei, då han byrja å kjenne alderdommen.

Dei siste åra i Wien[endre | endre wikiteksten]

Då Haydn kom attende til Wien i 1795, var folk mykje meir Haydn-venlege. Prins Anton var daud, og erstatta av Nicholas II, som lik bestefaren sin var ein stor musikkelskar.

Ein av dei største påverknadane på musikken til Haydn i denne perioden var at keisar Josef II fjerna bannlysinga av instrumentakkopagnement i kyrkjemusikk. Haydn, inspirert av Händel, laga i denne perioden fleire store religiøse verk. Dei viktigaste av desse er seks høgmesser skriven for namnedagen til kona til Nicholas II, prinsesse Maria Hermenegild. Mellom desse finn ein Missa in Angustiis, betre kjend som Lord Nelson-messa, etter at Lord Nelson, på veg heim frå felttog i Egypt, stoppa i Esterháza for å høyra på verket til englandsvenen Haydn. Eit anna viktig verk var Dei sju siste orda til vår frelsar på krossen, seinare arrangert både for piano og strykekvartett.

Dei to største verka var likevel oratoria Skapinga og Årstidene. Desse verka var Haydn sitt forsøk på å laga verk som kunne måla seg med dei største verka til Händel, då spesielt Messias. Båe desse verka, men spesielt Skapinga, var internasjonale kjempesuksessar.

Av sekulære verk frå same tid som er strykekvartettane frå Op. 76 (1797) viktige. Den tredje av desse kvartettane er kalla keisarkvartetten, då hovudmelodien i andre satsen av verket skulle bli nasjonalsongen i både Austerrike-Ungarn og Tyskland. Elles merkar trompetkonserten Haydn på same tid skreiv seg ut, både som eit glimrande musikalsk verk, men og som det fyrste store verket for klaffetrompeten, det fyrste forsøket på å skapa ein trompet som kunne spela utanfor naturtoneskalaen.

Det har vore sagt at Skapinga og Årstidene representerte heile den verda Haydn kjente, og etter at Årstidene var ferdigskriven byrja han trappe ned verksemda si. I 1801 fekk låg han mykje febersjuk, og i 1803 la han frå seg pennen for godt. Ulikt alt for mange andre komponistar kunne Haydn gleda seg over at han ikkje var gløymt. Medaljar og æresutmerkingar strøymde inn, frå alle kantar av Europa.

Den 27. mars 1808 (Haydn sin 76. gebursdag) blei det heldt ein stor oppsetting av Skapinga til ære for han. Haydn blei rei til konsertlokalet i vogna til Esterháza-familien, og blei sett saman med høgadelen. Då han kom inn, ropa heile salen «lenge leva Haydn!» (ironisk nok blei konserten heldt fordi det var klart at Haydn neppe kom til å leva til å bli 77). Blant gjestane var fleire prominente komponistar, som Beethoven, Hummel, og Salieri. Denne konserten representerer på mange måtar høgda av populariteten til Haydn, etter dette skulle han bli relegert til å bli ein støttefigur for Mozart og Beethoven.

Dei siste dagane til Haydn var svært turbulente. Wien var under omleiring av styrkane til Napoleon. Dei siste orda vi kjenner Haydn sa var eit forsøk på å roa ned tenarane etter at ein kanonskot fall i nabolaget: «Frykt ikkje, mine born, for der Haydn er vil ingen skade henda.»

Haydn døydde den 31. mai 1809. Då Wien var okkupert, blei det fyrst berre heldt ein enkel gravferdsseremoni. To veker seinare blei det heldt ei større minnegudsteneste der ein spela Mozart sitt rekviem. Gravlegginga fekk eit bisart etterspel, då ein i 1820 fekk lov til å flytta kroppen til Eisenstadt. Då ein fekk opp kroppen, viste det seg at hovudet mangla. Ein klarte fort å spora opp dei skuldige. Motivet var å studere skallen etter prinsippa til frenologien, ei pseudovitskapleg retning som meinte at karakteristikkane til eit menneske var synlege i forma på skallen. Det lukkast ikkje å få denne attende før i 1954, 145 år etter at Haydn døydde.

Haydn, Mozart og Beethoven[endre | endre wikiteksten]

Haydn og Mozart blei kjende med kvarandre i åra 1783-1784, og trass i at dei knapt kunne ha vore meir forskjellige menneske, utvikla dei eit venskap basert på gjensidig respekt og vyrde for kvarandre sin musikk. Haydn skal ved eit høve ha sagt til Mozart sin far Leopold: «Eg seier til deg, med Gud som vitne og som ein ærleg mann, at sonen din er den største komponisten eg kjenner som person eller ved namn. Han har smak, og ein djuptgåande kjennskap til komposisjon». Mozart, som elles er kjend for å ha vore svært kritisk til andre komponistar, skal ha vore ein stor tilhengjar av verka til Haydn. Til dømes skal ein kommentator, under ei framsyning av ein ny strykekvartett av Haydn, kritisert mange punkt i verket. Ved ein detalj skal han ha sagt «det ville ikkje eg gjort», noko som skal ha fått det til å koke over for Mozart. Han skal ha svara: «Det ville ikkje eg heller. Men veit du kvifor? Fordi ingen av oss kunne ha funne på noko så passande!» Mozart sa og at det var ved å studere Haydn han læra seg å skriva strykekvartettar, og han tileigna seks (K387, K421, K428, K458, K464 og K465) av desse til Haydn. Det har elles vore hinta til at Mozart inviterte Haydn til å bli med i frimurarlosjen.

Då Haydn blei invitert til London i 1790, prøvde Mozart sitt beste for å tala han frå å reisa. Då han bestemte seg for å reise, sa Mozart: «Vi seier no sannsynlegvis vårt siste farvel i livet.» Det kan då vera liten tvil om at han refererte til at Haydn var ein gamal mann (59 år), men spådommen til Mozart skulle bli sann på ein måte ingen hadde forutsett; året etter låg han daud.

I perioden 1792-1795 var Beethoven komposisjonselev hjå Haydn. Beethoven gav i løpet av livet sitt ut sjølvmotseiande sitat vedrørande kor mykje han lærte frå Haydn, men vi veit at Beethoven kopierte fleire av Haydn sine store verk for å studera sjølv. Så lengje Haydn ikkje kritiserte verka til Beethoven var dei på god fot ut livet til Haydn.

Arven etter Haydn[endre | endre wikiteksten]

Symfonien[endre | endre wikiteksten]

Haydn er ofte rekna som symfonien sin far. Dette er ein klar overdriving; symfonien var allereie ein levande genre då Haydn mognast som komponist. Opphavet til symfonien var i den italienske overturen, og komponistar som Wagenseil, Holzbauer, Stamitz, Richter, og Monn skreiv alle symfoniar før Haydn (med «symfoniar» reknast berre verk som ein i dag kan rettferdiggjera å kalla symfoniar. Ordet symfoni har hatt fleire meiningar opp gjennom hundreåra, til dømes kalla J.S. Bach sine trestemte invensjonar for «sinfonia»). Haydn er derimot rekna for å ha klart å oppfylle potensialet til genren i større grad enn dei tidlegare komponistane: Det er nett i Haydn si tid at standardbesetninga i symfoniorkesteret kom på plass, men Haydn hadde og fleire nyskapingar innanfor symfoniforma. Den mest openbare er at symfonien fekk ein ekstra sats i forhold til den tredelte italienske overturen (rask-sein-rask), som tidlegare hadde vore nytta som mal. Haydn la til ein tredjesats, som vanlegvis tek form av ein menuett, og laga på denne måten standarden for formoppbygginga av symfonien, heilt fram til våre dagar.

Likevel er kanskje måten Haydn behandla idear på, og måten dette påverka sonatesatsforma. Medan komponistar på same tid hadde for vane å introdusere nytt materiale i gjennomføringsdelen av ein sonatesats, let Haydn denne delen berre bestå av gjenkjennelege bitar av tema frå eksposisjonen, som blei forandra på og nytta i forskjellige situasjonar. Dette var ein essensiell del av sonatesatsforma som skulle dominere mykje av den klassisistiske og romantiske musikken, og sjølv om Haydn sjølv ofte braut med den strenge sonatesatsforma, var dette ein kalkulert effekt han nytta for å overraske publikum. (Sjå artikkel om sonatesatsform for meir detaljert informasjon)

Strykekvartetten[endre | endre wikiteksten]

Om Haydn sin rolle som far til symfonien kanskje er overdriven, kan ein utan problem tileigna han strykekvartetten sin triumf. Haydn var ikkje den fyrste som skreiv strykekvartettar. Austerrikske komponistar som Wagenseil og Holzbauer skreiv allereie divertimenti for to fiolinar, bratsj og cello. Men om ein ikkje kan gjeva Haydn æra for å ha skapa sjangeren, er han i alle høve han som oppdaga potensialet sjangeren hadde innanfor den wienerklassiske stilen. Dei tidlege strykekvartettane av Haydn og andre er homofone verk, der fyrstefiolinen spela melodien, medan dei resterande tre instrumenta spela eit akkordakkompagnement . Kvartettane Op. 33 (1781) var sagt å vera skrivne «etter heilt nye metodar», nemleg at skiljet mellom akkompagnement og solist blei brote opp; verka er enno hovudsakleg homofone i karakter, men i desse verka byrja Haydn å skifte mellom kva instrument som spela melodistemma, og skapa ei likevekt mellom dei fire stemmane som hadde vore fråverande i eldre strykekvartettar.

«Papa Haydn»[endre | endre wikiteksten]

Kallenamnet «Papa Haydn» var eit kallenamn Haydn fekk av musikarar i samtida si. Haydn var kjend for å vera særs snill og hjelpsam for musikarar, og ein mann med gode diplomatiske ferdigheitar og mykje humor. Dette var kvalitetar få kapellmeistrar på denne tida hadde. Som eit døme på Haydn sitt vesen kan ein sjå på historia bak symfoni nr. 45 frå 1772 (Hob.: I:45), og kalla «die Abschiedssinfonie». Kvar sumar tok Nicholaus Eszterházy han med seg til Eszterháza-slottet. Dette året let Nichoalus sesongen ved Eszterháza vara spesielt lenge, og musikarane var misnøgde, då dei ynskte å få reisa heim til konene sine (ironisk nok var Haydn, som godt kunne ha vore forutan, den einaste som fekk ha med kona si). Som eit forsøk på å vise misnøya til musikarane til Nicholaus, laga Haydn ein symfoni, som endar med at musikarane ein etter ein slutta å spele, og forlet scena. Til slutt sat berre Haydn sjølv og konsertmeisteren sat att. Nicholaus forstod med ein gong bodskapen, og musikarane fekk lov til å reise heim. På 1800-talet, då musikken til Beethoven var rekna som det musikalske idealet, blei namnet forvrengd til å bli noko nedverdigande. Av mange blei musikken til Haydn rekna for å vera banal og enkel samanlikna med Beethoven. «Papa Haydn» blei difor ein karikatur av ein snill gamal mann, som skreiv enkel musikk meir eigna for born enn musikkjennarar.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Utover 1800-talet blei Haydn i større og større grad rekna som ein figur ikkje ulik Johannes Døyparen; ein støttefigur som gjorde musikken til Mozart og Beethoven, som var overlegen den han sjølv skreiv, mogleg. Som nemnt over blei musikken til Haydn sett på som enkel og lett, utan dei storslagne konfliktane og skrekken ein fann i Mozart sin Don Giovanni eller Beethoven sine symfoniar. Sjølv om ein kan finne eksempel på det motsette, til dømes i Jesu sju siste ord på krossen, så er det ikkje å koma seg bort i frå at musikken til Haydn passa dårleg inn med romantikken sitt dystre verdsbilete. Likevel så forsvann aldri musikken til Haydn på same måte som Bach. London-symfoniane har vore standardreportoar sidan dei blei gjevne ut, og oratoria Haydn skreiv har same rolle i tyskspråklege land som Händel sine har i engelskspråklege. Pianosonatane og kammermusikken han laga var og fortsatt spela. Men det var berre dei færraste som klarte å rive han laus frå samanlikningane med Mozart og Beethoven.

Blant desse finn ein, forutsigbart nok, Johannes Brahms. Han skal ofte ha klaga over at det ikkje lengre var nokon som forstod Haydn (dette var i siste halvdel av 1800-talet). Meir overraskande er det kanskje at Richard Wagner var ein stor tilhengjar, sjølv om han ikkje klarte å unngå samanlikningane med Mozart og Beethoven.

Elles var dei progressive musikkreftene på same tid ikkje like glade i han. Robert Schumann sa at «Haydn er som ein gamal husgjest, alltid lukkeleg og respektfullt velkomen, men [musikken hans] har ikkje lengre noko djupare interesse for vår alder». Berlioz sa rett ut at «[Skapinga] gjev meg hug til å myrda nokon». Friedrich Nietzsche anerkjende genialiteten til Haydn, men skreiv at han var for bunden til samtida sine moralske reglar til å klare å skrive djup, emosjonell musikk.

Trass i at verka til Haydn i dag er meire frigjorde frå samanlikningar med Mozart og Beethoven, er han blant folk flest rekna for å vera ein «mindre» komponist enn dei, medan han i fagsirklar er anerkjend som deira likemann. I 2009 er det 200 år sidan Haydn døydde, og det står att å sjå om markeringane rundt jubileet kan vera med å endra opinionen.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]