Joseph Kabila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joseph Kabila

Fødd4. juni 1971 (52 år)
Hewa Bora
Statsborgar avDen demokratiske republikken Kongo
Yrkegartnar, politikar, militær
Utdanna vedMakerereuniversitetet
Washington International University
PLA National Defence University
Universitetet i Johannesburg
FarLaurent-Désiré Kabila
EktefelleOlive Lembe di Sita
Alle verv
  • Den demokratiske republikken Kongos president (2001–2019) Sjå dette på Wikidata

Joseph Kabila Kabange (fødd 4. juni 1971) er ein kongolesisk politikar som var president i Den demokratiske republikken Kongo frå januar 2001 til januar 2019. Han tok over etter faren sin, Laurent-Désiré Kabila, etter at han vart myrda i januar 2001.[1][2] Den andre, og etter grunnloven siste presidentperioden til Joseph laupte ut formelt 31. desember 2016. Valet vart likevel drygt til 2018, og den fyrste demokratiske maktoverføringa i landet hende i 2019.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Joseph Kabila er son av tidlegare opprørsgeneral og president Laurent-Désiré Kabila og Sifa Mahanya. Saman med tvillingsystera Jaynet levde han sine fyrste år i farens opprørsbasar i Sør Kivu-provinsen i dåverande Zaïre, før dei vart sende til Tanzania for skolegang. Der fekk han også militær utdanning, og vart dinest student ved Makerere-universitetet i Uganda.[3]

Joseph Kabila vart henta inn som kommandant til farens opprørshær då dei byrja ein militær offensiv mot den zairiske diktatoren Mobutu Sese Seko i 1996. Då Laurent Kabila tok seg inn i hovudstaden Kinshasa, avsette Mobutu og endra namnet på landet til Den demokratiske republikken Kongo, vart Joseph sendt til Kina for vidare militær utdanning. På bakgrunn av dei mange utanlandsopphalda til Kabila og hans noko veike franskkunnskapar er han ofte vorte kritisert for ikkje å vera ein «ekte kongolesar».[3]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Joseph Kabila vende attende til DR Kongo i 1998, og vart utnemnt til hærsjef i landet. Den 16. januar 2001 vart Laurent Kabila drepen, og den 26. januar vart sonen teken i eid som president. I 2006 vann han presidentvalet mot opposisjonskandidat Jean-Pierre Bemba, dinest i 2011 mot Étienne Tshisekedi.[3]

Etter planen skulle det vore avheldt eit presidentval i 2016, og Kabila, som formelt hadde sete i to periodar, kunne etter grunnloven ikkje stilla til attval. Samstundes trengte han ikkje treda av før ein ny folkevalt president var på plass, noko som gjorde det til ein fordel for Kabila å utsetja valet. Kabila vart difor klandra for å dryga ut valet for å utnytta dette smotthòlet i loven, noko som i 2017 førte til protestar og opptøyar fleire stader i landet.[4] Den offisielle grunngjevinga for utsetjinga av valet var mangel på pengar og registrering av veljarar i konfliktråka delar av landet.[3]

Politiske prioriteringar[endre | endre wikiteksten]

Som hærsjef var Kabila sentral i den andre Kongo-krigen (1998–2003) der fleire naboland var involvert. Uro og mindre krigsutbrot har mellombels heldt fram med å prega det austlege Kongo, og i 2016 braut det også ut uro i den sentrale Kasai-provinsen.[3]

I sin politiske karriere har Kabila særleg fremja «vegen til modernitet» med fokus på infrastruktur, opprettinga av arbeidsplassar, utdanning og helse. I sin periode som statsleiar førte dette også til at ei rekkje tidlegare nasjonale verksemder og utdanningssektoren vart privatisert som eit svar på manglande offentleg investering. Han fekk også anerkjenning for at det ikkje braut ut ein ny storkrig medan han styrte.[3]

Kabila og hans nærmaste familie har sikra seg store pengesummar igjennom ulike private, gjerne offshore-baserte verksemder innan jordbruk, gruvedrift, telekom, luftfart og eigedomsforvaltning.[3]

Joseph Kabila er gift med Marie Olive Lembe di Sita. Saman har dei to born: Sifa og Laurent-Désiré.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norimitsu Onishi. «Glimpse of New President as Joseph Kabila Takes Oath in Congo» (på engelsk). New York Times. Henta 26. mars 2024. 
  2. «Joseph Kabila» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 26. mars 2024. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Sæbø, Maren; Solhjell, Randi: Joseph Kabila i Store norske leksikon på snl.no. Henta 26. mars 2024.
  4. Daniel Pelz & Blaise Dariustone. «Anti-Kabila protests in DRC» (på engelsk). Deutsche Welle. Henta 26. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Joseph Kabila