Joseph Taylor Robinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joseph Taylor Robinson
none
Fødd 26. august 1872
Lonoke i Arkansas
Død 14. juli 1937 (64 år)
Washington, DC
Verv Guvernør i Arkansas (1913)

Senator frå Arkansas (1913–1937)

Joseph Taylor Robinson (26. august 187214. juli 1937) var ein amerikansk politikar for Det demokratiske partiet. Han representerte Arkansas i Representanthuset og Senatet gjennom fleire tiår først på 1900-talet, og var òg guvernør i Arkansas frå januar til mars 1913. Han var visepresidentkandidaten til Al Smith ved presidentvalet i 1928.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Robinson vart fødd på ein gard ved byen Lonoke i Arkansas. Han gjekk ved University of Arkansas, og seinare ved University of Virginia, der han vart utdanna jurist. Robinson vart valt inn i den lovgjevande delstatsforsamlinga i Arkansas i 1894, og sat der i éin periode. Han vart valt inn i Representanthuset i Kongressen for i 1902, og vart gjenvalt ved fire høve, slik at han sat i stillinga til 1913. I 1912 vart han valt til guvernør av Arkansas, og trekte seg dermed frå Kongressen den 14. januar 1913 for å bli guvernør i heimstaten dagen etter. I mellomtida hadde sitjande senator frå staten, Jeff Davis, døydd, og den lovgjevande forsamlinga i Arkansas valde Robinson til å overta denne stillinga, berre 12 dagar etter at han var blitt guvernør. Robinson trekte seg frå guvernørstillinga den 10. mars.

Senator[endre | endre wikiteksten]

Robinson var den siste senatoren i USA som vart valt av ein stat si lovgjevande forsamling, i staden for å bli valt ved direkteval. Det sjuande grunnlovtillegget til den amerikanske grunnloven, som kravde ein slik røysting, blei ratifisert og blei verksam den 8. april 1913.

Robinson blei attvald til Senatet i 1918, 1924, 1930 og 1936. Han vart vald til opposisjonsleiar i Senatet for den 68. kongressen (1923–1925), og vart majoritetsleiar i 1933. Han var såleis leiar for Demokratane i Senatet inntil han døydde. Robinson var den første demokraten som var Senatet sin majoritetsleiar. Robinson leidde Senatet til å røyste for å armere handelsfartøy, og dessutan å erklære krig mot Tyskland.[1] Nokre senatorar likte ikkje Robinsons autokratiske stil. I debattar kunne han vere svært hissig; han vart raud i andletet, slo i pulten, gestikulerte vilt, og trampa i golvet.[2] Som senator blei han aldri gjenvalt med mindre enn 70 prosent oppslutning.

Ved presidentvalet i 1924 blei Robinson nemnt som ein potensiell presidentkandidat for Demokratane. Ved landsmøtet til partiet i New York same året, kom Robinson på tolvteplass i den 103. og endelege avstemminga over presidentkandidat som blei vunne av John W. Davis. Ved den 100. avstemminga var Robinson derimot så høgt oppe som sjetteplass. Landsmøtet var det i USA si historie der ein brukte lengst tid på å finna ein kandidat.

Visepresidentkandidat[endre | endre wikiteksten]

Robinson vart valt til Demokratane sin visepresidentkandidat for Al Smith ved landsmøtet til partiet i Houston i Texas. Den felles plattforma deira inkluderte motstand mot alkoholforbodet i USA, og dei var dessutan motstandarar av Ku Klux Klan. Det at Smith var katolikk blei brukt mot dei. Paret enda opp med å vinne berre 8 statar, mot Herbert Hoover og Charles Curtis' 40 statar. Dei tapte i tradisjonelt demokratiske statar som Nord-Carolina og Tennessee, og Texas røysta republikansk for første gong.

Valhistorikk[3][endre | endre wikiteksten]

Kongressval i 6. distrikt av Arkansas, resultat 1902–1910
År Demokrat  % Republikanar  %
1902 Joseph Taylor Robinson 89,3 % W. H. Carpenter 10,7 %
1904 Joseph Taylor Robinson 62,0 % R. C. Thompson 38,1 %
1906 Joseph Taylor Robinson 84,4 % R. C. Thompson 15,6 %
1908 Joseph Taylor Robinson Ingen
1910 Joseph Taylor Robinson 81,6 % B. C. Thompson 18,4 %
Guvernørval i Arkansas
År Demokrat  % Republikanar  %
1912 Joseph Taylor Robinson 64,7 % Andrew I. Roland 27,4 %
Senatorval (klasse II) i Arkansas, resultat 1918–1936
År Demokrat  % Republikaner  %
1918 Joseph Taylor Robinson Ingen
1924 Joseph Taylor Robinson 73,5 % Charles F. Cole 26,5 %
1930 Joseph Taylor Robinson Ingen
1936 James Taylor Robinson 81,8 % G.C. Ledbetter 16,4 %
Presidentval i USA
År Republikanarar EV Statar  % Demokratar EV Statar  %
1928 Hoover/Curtis 444 40 58,2 % Smith/Robinson 87 8 40,8 %

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bacon, s. 69
  2. Bacon, s. 64
  3. Joseph Taylor Robinson, Our Campaigns

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Donald C. Bacon: Joseph Taylor Robinson: The Good Soldier
  • Richard L. Riedel: Hall sin of the Mighty: My 47 Years at the Senate (1969)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Biografi hos Kongressen
  • Biografi på Encyclopedia of Arkansas History & Culture

Kjelder[endre | endre wikiteksten]