Joseph de Maistre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
de Maistre måla av Carl Christian Vogel von Vogelstein kring 1810

Joseph-Marie, comte de Maistre (fødd 1. april 1753 i Chambéry, død 9. februar 1821) var ein fransktalande, savoyansk diplomat, jurist, filosof og forfattar. De Maistre var ein framståande representant for den politiske, religiøse og filosofiske reaksjonen i kjølvatnet av Den franske revolusjonen.

Liv og verksemd[endre | endre wikiteksten]

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Som ung blei han tilsett i ei embetsstilling på Sardinia. Han arbeidde seg sakte oppover i byråkatiet, og når franskmenna hærtok Savoie i 1792 sat han i ei høgare dommarstilling. Grunna okkupasjonen reiste De Maistre i eksil, og han skreiv det første verket sitt, Considérations sur la France (1795) i Lausanne. i boka uttrykker han vreide overfor revolusjonen. I 1803 blei han av utnemnt til diplomatisk sendemann i St. Petersburg på vegne av den sardinske krona, ei stilling han sat på fram til 1817. I denne perioden skreiv han ei rad verk på fransk. Etter at han kom attende sat han i ei ministerstilling fram til han døydde.

Lære[endre | endre wikiteksten]

De Maistre såg på revolusjonen som eit produkt av opplysningstida, og var sterkt kritisk til filosofar som til dømes John Locke. Samstundes meinte han at bakgrunnen til revolusjonen kunne sporast attende til reformasjonen, som i følgje de Maistre hadde skapt ein kultur grunnlagt på protestar og misnøye. Han sette vitskapen i samanheng med religiøs skeptisisme og politiske reformar, meinte at vitskapen måtte vere underordna religionen, og brukte Det gamle testamente i polemikk mot revolusjonære. Politisk støtta han ei attervending til før-revolusjonære tilstandar og la vekt på viktigheita av autoritetar; først kyrkja, så det absolutte kongedømmet. Trass den uforsonlege motstanden mot revolusjon og opplysning fekk tankane hans utbreiing, og Isaiah Berlin har til dømes synt korleis tankane hans påverka Leo Tolstoj.

Utvald bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Considérations sur la France, 1795
  • Essai sur le principe génératuer de constitutions politiques et des autres institutions humaines, 1814
  • Du pape, 1819
  • Soirées de St. Petersbourg, 1821
  • De l'Église gallicane, 1821
  • Examen de la philosophie de Bacon, 1836

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg delvis på det danske Salmonsens konversationsleksikon 2. utgåve (1915–1930). «Maistre, Joseph de»
  • Hampson, Norman: The Enlightenment. London: Penguin Books, 1990. ISBN 978-0-14-013745-3