Jostedalsbreen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Jostedalsbreen | |
|---|---|
|
|
|
| Type | Platåbre |
| Stad | Luster, Sogndal, Jølster og Stryn i Sogn og Fjordane |
| Arm av | {{{arm}}} |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 487 km² |
| Lengd | 60 km |
| Tjukkleik | 600 m |
| Høgaste punkt | 1952 moh |
| Lågaste punkt | 350 moh |
Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet og ligg i Sogn og Fjordane fylke. Isbreen dekkjer et areal på 487 km² og ligg i kommunane Luster, Balestrand, Jølster og Stryn. Det høgaste fjellet nær breen er Lodalskåpa 2083 moh.
Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991 og dekkjer eit areal på 1310 km².
Jostedalsbreen er ein tempertert bre, som vil sei at det renn vatn under han og at breen ligg på trykksmeltepunktet. På grunn av dette eroderar han på underlaget og kan flytte på seg. Jostedalsbreen er den største fastlandsisen i Europa, med eit samlet areal på over 480 km². Det høgaste punktet på breen er Høgste Breakulen på 1952 moh. Fleire brearmar går langt ned i dalane, m.a. Bøyabreen i Fjærland og Nigardsbreen, begge til ca. 300 moh. På det tjukkaste er breen om lag 600 meter. Jostedalsbreen strekkjer seg over eit stort platå i over 1600 moh. Jostedalsbreen har ei sammanhengande lengde på vel 60 km og dekker nesten halvparten av nasjonalparken.
Innhaldsliste |
[endre] Brearmar og utløparar
Jostedalsbreen har mange brearmar. Fra nordaust og sørover er dei største:
- Austdalsbreen i Jostedalen
- Stigaholtbreen i Jostedalen
- Lodalsbreen og Småttene i Jostedalen
- Fåbergstølsbreen i Jostedalen
- Nigardsbreen i Jostedalen
- Tuftebreen i Krundalen i Jostedalen
- Baklibreen i Krundalen i Jostedalen
- Bergsetbreen i Krundalen i Jostedalen
- Vetledalsbreen i Krundalen i Jostedalen
- Tunsbergdalsbreen i Jostedalen
- Austerdalsbreen med Torsbreen, Odinsbreen og Lokebreen ved Veitastrond
- Langedalsbreen i Langedalen i Veitastrond
- Bjørnakyrkjebreen i Langedalen i Veitastrond
- Nystølsbreen i Langedalen i Veitastrond
- Vetle Supphellebreen i Fjærland
- Supphellebreen med Flatbreen i Fjærland
- Bøyabreen i Fjærland
- Vetlebreen i Fjærland
- Marabreen i Jølster
- Lundabreen i Jølster
- Befringsbreen i Stardalen i Jølster
- Breen ved Kaldakari i Stardalen i Jølster
- Melkevollbreen i Olden
- Tjøtabreen i Olden
- Briksdalsbreen i Olden
- Brenndalsbreen i Olden
- Ruteflottbreen ved Loen
- Kjenndalsbreen ved Loen
- Krunebreen i Loen
- Bødalsbreen i Loen
- Bohrsbreen i Loen
- Erdalsbreen i Stryn
- Vetledalsbreen i Stryn
- Syngeskardsbreen i Stryn
[endre] Turisme og friluftsliv
Briksdalsbreen og Nigardsbreen er dei mest kjende delane av Jostedalsbreen og vert årleg vitja av mange tusen turistar. Det er bygd tre museum og senter rundt breen; i Jostedalen ligg Breheimsenteret, i Fjærland Norsk Bremuseum og i Stryn ligg Jostedalsbreen nasjonalparksenter.
Det er ei rekke kjende breturar på Jostedalsbreen. Kryssinga frå Tungestølen opp Austerdalsbreen og Kvitesteinsvarden over breen ned til Kattenakken og Briksdal, er av dei mest klassiske breturane i Noreg. Turen vart først gått av William Cecil Slingsby og følgje hans i 1894, og på same dag og utan å vite om kvarandre, av Kristian Bing og Daniel Sygnesand.
Josten på langs er ein moderne klassikar på ski, gjerne gjennomført i mai. Han startar gjerne i Erdalen i Stryn eller på Sota seter i Skjåk og følgjer breen til Flatbrehytta og Fjærland i sør. Turen tar om lag tre dagar.
Skiturene Loen rundt og Olden rundt er óg klassiske skiturar som tar om lag tre dager.
[endre] Litteratur
- L. Ryvarden og og B. Wold: Norges isbreer. Universitetsforlaget 1991.

