Jostein Budal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jostein Budal
Fødd 10. november 1929
Død

29. mai 2013 (83 år)

Yrke lingvist

Jostein Budal (fødd 10. november 1929 på Karmøy, død 29. mai 2013)[1][2][3][4] var ein norsk tannlækjar og språkforskar. Han arbeidde fleire år som misjonstannlækjar i Kamerun. Der arbeidde han også med omsetjingsarbeid og språklege spørsmål. Ved å læra tonespråket mbum, meinte han å oppdaga at norsk òg er eit ekte tonespråk. Det fekk han til å arbeida med norsk som tonespråk. Det meste av språkarbeidet hans var knytt til språket fulfulde. I Noreg er han kjend for å ha presentert ein teori om tone i norsk, teorien om norsk som eit symmetrisk tonespråk. Denne teorien presenterte med ei bok på Unipub forlag, og på ulike vitskaplege konferansar om prosodi.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jostein Budal (1979). Menneske i Kamerun. Oslo: Luther Forlag. s. Vaskesettel/bakperm. ISBN 8253172818. 
  2. Haugesunds Avis 5. juni 2013, side 44
  3. Firda 7. juni 2013, side 30
  4. Gudbrandsdølen Dagningen 6. juni 2013, side 41

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Abrahamsen, Jardar Eggesbø. 2006: «Jostein Budal: Fem tonar (2002) og A symmetrical tone language – Norwegian (2004)». Norsk Lingvistisk Tidsskrift 1/2006. Oslo: Novus. 81–104. [1]
  • Budal, Jostein 1969: "Norsk, eit symmetrisk tonespråk?" Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskab 23, s. 97 – 113.
  • Budal, Jostein 2002: Norsk, eit symmetrisk tonespråk [https://web.archive.org/web/20141218074709/http://symmetritonespraak.no/ Arkivert 2014-12-18 ved Wayback Machine. Online tilgang via Internett (World Wide Web). Finst også i trykt utg. med tittel: Fem tonar
  • Budal, Jostein 2004: A symmetrical tone language - Norwegian. Unipub skriftserier.
  • Budal, Jostein 2007: Tonar i skandinaviske språk. Lesja: Jostein Budal
  • Budal, Jostein: «Debatt om ei bok Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.», motsvar til Jardar Eggesbø Abrahamsen. På nettsida www.symmetritonespraak.no.