Jotunheimen nasjonalpark

Koordinatar: 61°33′17.150″N 8°29′3.0912″E / 61.55476389°N 8.484192000°E / 61.55476389; 8.484192000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°33′17.150″N 8°29′3.0912″E / 61.55476389°N 8.484192000°E / 61.55476389; 8.484192000

Jotunheimen nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Noreg
Fylke Innlandet, Vestland
Kommunar Lom, Vågå, Vang, Luster, Årdal
Høgaste punkt Galdhøpiggen
 - høgd 2 469 moh.
Areal 1 151 km²
Oppretta 5. desember 1980
Kart
Jotunheimen nasjonalpark
61°30′00″N 8°22′00″E / 61.5°N 8.3666666666667°E / 61.5; 8.3666666666667
Wikimedia Commons: Jotunheimen National Park

Jotunheimen nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark oppretta i 1980. Nasjonalparken omfattar eit 1151 km² stort fjellområde i kommunane Lom, Vang og Vågå i Innlandet fylke og Luster og Årdal i Vestland fylke. Store delar av nasjonalparken har utprega tindelandskap som rommar dei høgste fjelltoppane i Noreg, mellom anna Galdhøpiggen (2469 moh.) og Glittertind (2466 moh. medrekna breen på toppen).

Landskapet i Jotunheimen nasjonalpark er prega av ei mengd større og mindre brear. Det er òg ein del vatn og mindre innsjøar, særleg i dei sentrale partia, og elvar med stor vassføring om sommaren på grunn av smeltevatn frå breane. Den største innsjøen i nasjonalparken er Gjende i aust. Fleire område har eit rikt planteliv, særleg i dei austlegaste traktene. Jotunheimen har rike tradisjonar innan fotturisme og klatring, og er eit populært friluftsområde med eit omfattande nett av merkte ruter og turisthytter. I sørvest grensar Jotunheimen nasjonalpark til Utladalen landskapsvernområde. Landskapsvernområdet har mellom anna Vettisfossen (275 m fall) og sjeldan furuskog på Vettismorki.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Arbeidet med å verna Jotunheimen er ein av dei eldste og mest sentrale sakene knytt til naturvern i Norge. Allereie 1904 gjorde Den Norske Turistforening framlegg om nasjonalpark i Jotunheimen, og i 1935 føreslo Naturvernforbundet konkret ein nasjonalpark i området. Sentralt i planane stod vern av Gjende, noko som skapte konflikt med utbyggingsinteressene for vasskraft. Desse konfliktane førte til at Jotunheimen nasjonalpark, som var lansert i landsplanen frå 1964, vart utsett til planane om kraftutbygging var avgjort. Det skjedde i 1973; i den fyrste verneplanen for vassdrag vart heile Sjoa med Gjende varig verna. Nasjonalparken vart deretter oppretta i 1980, etter omtrent dei same grensene som Naturvernforbundet hadde gjort framlegg om i 1935.

Verneformål[endre | endre wikiteksten]

Formålet med nasjonalparken er å verne eit vilt, eigenarta, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap med dyre- og planteliv på overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur. I nasjonalparken skal det innanfor visse rammer vere høve til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske, undervisning og forsking.

Bruk av parken[endre | endre wikiteksten]

Forvaltningsstyresmakta kan m.a. gi løyve til utviding eller ombygging av eksisterande turisthytter og til bygging av innretningar som er nødvendige for drifta av turisthytter i nasjonalparken. Dei kan òg gi løyve til merking av ei rimeleg mengd turistruter og -løyper og oppsetjing av vegvisarar når det skjer på ein måte som ikkje verkar skjemmande eller dominerande i terrenget.

Eksisterande setrar kan oppretthaldast og drivast, herunder kultivering av setervollar. Jakt på rein og hare og jakt og fangst på rype, kråke, ramn, fiskemåse, raudrev og mink kan drivast etter gjeldande reglar i viltstellovgivinga. Bjørn, ulv, jerv, gaupe og kongeørn kan fellast når fellinga er påkravd for å fjerne ein aktuell og monaleg fare for skade på person eller under åtak på bufe eller tamrein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Jotunheimen nasjonalpark» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]