Journey Through the Past

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Journey Through the Past
Filmmusikkalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 7. november 1972
Innspelt 20. januar 1967 - 18. november 1971
Sjanger Rock
Lengd 1:00:38
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, L.A. Johnson
Neil Young-kronologi 
Harvest
(1972)
Journey Through the Past Time Fades Away
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Rolling Stone[2]
Robert Christgau(C+) [3]

Journey Through the Past er eit filmmusikkalbum frå filmen med same namn av Neil Young. Det kom ut i november 1972 på Reprise Records. Albumet nådde 45. plass på den amerikanske albumlista og har sidan vorte gjeven ut på vinyl og kassett, men aldri på CD. Albumet er derfor ein av dei sjeldnaste i diskografien til Young.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Journey har musikk frå fire kjelder: fjernsynssendingar med Buffalo Springfield; konsertinnspelingar med Crosby, Stills, Nash & Young; øvingsopptak frå Harvest-innspelinga med The Stray Gators; og innspelingar av The Tony and Susan Alamo Christian Foundation Orchestra and Choral. Filmen ser tilbake på den første delen av karrieren til Young.

Spor ein og to er spelt av Buffalo Springfield. Medleyen på spor ein er studioopptak og omfattar ein sjeldan versjon av «Mr. Soul», som bandet mima til for fjernsynsprogrammet The Hollywood Palace den 20. januar 1967. Den andre er frå då gruppa spelte på The Ed Sullivan Show i 1967.

Spor tre til fem er konsertinnspelingar med CSNY frå Fillmore East i New York City den 5. juni 1970.

Øvingsoppptaka frå Harvest utgjer spor seks til ni og er alle frå 26. og 27. september 1971 på ranchen til Young i La Honda. Mellom desse finn ein samtalar med Young, David Crosby og Stephen Stills frå ei innspeling seinare i New York.

Dei siste spora er eit utdrag frå Messias av Georg Friederich Händel og eit tema av Miklós Rózsa for filmen King of Kings, spelt av Tony and Susan Alamo Christian Foundation Orchestra and Choir, den 10. februar 1972.

Albumet inneheld berre ein ny song av Young, «Soldier», spelt inn på eit sagbruk med lyden av eld frå sagflisbrennaren. Denne kom seinare med på samleplata Decade. Plata vert merkeleg nok avslutta med eit spor frå Pet Sounds av The Beach Boys, instrumentalen «Let's Go Away for Awhile» frå 1966.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«For What It's Worth/Mr. Soul» (Stephen Stills/Young)3:54
2.«Rock & Roll Woman» (Stills)2:53
3.«Find the Cost of Freedom» (Stills)1:59
4.«Ohio»4:23
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Southern Man»6:47
6.«Are You Ready for the Country?»1:52
7.«Let Me Call You Sweetheart»1:05
8.«Alabama»6:23
Side tre
Nr.TittelLengd
9.«Words»16:30
Side fire
Nr.TittelLengd
10.«Relativity Invitation» (dialog frå filmen)1:09
11.«Handel's Messiah» (Georg Friederich Händel)2:49
12.«King of Kings» (Miklós Rózsa)5:07
13.«Soldier»3:39
14.«Let's Go Away for Awhile» (Brian Wilson)2:08

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. Journey Through the PastAllmusic
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen 8. februar 2009. Henta 2. september 2017. 
  3. «Robert Christgau: CG: neil young». Robertchristgau.com. Henta 8. august 2018.