Juan Carlos I av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Juan Carlos I)
Juan Carlos I

Konge av Spania
Regjeringstid22. november 1975-19. juni 2014
Fullt namnJuan Carlos Alfonso Víctor María de Borbón y Borbón-Dos Sicilias
Fødd5. januar 1938
FødestadRoma
Gift medSofia av Spania
Dynastihuset Bourbon-Anjou
FarJuan
MorMaría de las Mercedes de Borbón
BornElena av Spania, Cristina av Spania, Felipe av Spania

Kong Juan Carlos I av Spania (fødd 5. januar 1938), fullt namn Juan Carlos Alfonso Víctor María de Borbón y Borbón-Dos Sicilias, var konge av Spania frå 1975 til 2014, då han abdiserte til fordel for sonen Felipe.

Juan Carlos var son av Don Juan, greve av Barcelona, og barnebarn av kong Alfonso XIII av Spania. Han blei peikt ut som arving til trona av den spanske diktatoren Francisco Franco i 1960. Dette blei endeleg bekrefta i 1969, då den spanske nasjonalforsamlinga vedtok ein ny tronfølgjelov. Han blei teken i eid som konge då Franco døydde i 1975, og opna deretter for demokrati i landet.

Juan Carlos vart tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden i 1982.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Hans Majestet Kong Juan Carlos I av Spania, konge av Castilla, konge av León, konge av Aragón, konge av Dei to Sicilia (Napoli og Sicilia), konge av Jerusalem, konge av Navarra, konge av Granada, konge av Toledo, konge av Valencia, konge av Galicia, konge av Mallorca, konge av Sevilla, konge av Sardinia, konge av Córdoba, konge av Korsika, konge av Murcia, konge av Menorca, konge av Jaén, konge av Algarve, konge av Algeciras, konge av Kanariøyane, konge av Aust- og Vestindia (no Dei austindiske øyane og Karibia), Erkehertug av Austerrike, hertug av Bourgogne, hertug av Brabant, hertug av Milano, hertug av Athen, hertug av Neopatria, greve av Habsburg, greve av Flandern, greve av Tirol, greve av Roussillon, greve av Barcelona, herre til Bizkaia og herre til Molina

Kong Juan Carlos Is monogram.
Kong Juan Carlos Is monogram.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Juan Carlos I av Spania
Spire Denne Spaniaartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.