Juan Carlos I-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°39′46″S 60°23′20″W
Juan Carlos I-basen
stasjon
none  Juan Carlos I-basen, med South Bay og Ereby Point i bakgrunnen
Juan Carlos I-basen, med South Bay og Ereby Point i bakgrunnen
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Livingston Island
 - koordinatar 62°39′46″S 60°23′20″W
Administrert under Antarktistraktaten
Juan Carlos I-basen is located in Antarktis
Juan Carlos I-basen (Antarktis)
Topographic map of Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands.

Juan Carlos I-basen er ein stasjon kalla opp etter kongen av Spania, Juan Carlos I (spansk Base Antártica Española Juan Carlos Primero), og er ein sesongbasert stasjon (november til mars) driven av Spania. Basen opna i januar 1988. Han ligg på Hurd PeninsulaLivingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis.

Dei nye anlegga på Juan Carlos I-basen i 2011.

Basen ligg på kysten av Española Cove i South Bay, nord i forberga av Mount Reina Sofía og 2,7 km sør-sørvest for den bulgarske basen St. Kliment Ohridski. Dei to basane har samband via ei 5,5 km lang rute over Johnsonsbreen, Charrua Gap, Contellbreen og Krum Rock.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Juan Carlos I Antarctic Base» (innhald frå Geographic Names Information System).


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]