Juan Gris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juan Gris

Statsborgarskap Spania
Fødd 23. mars 1887
Madrid
Død

11. mai 1927 (40 år)
Boulogne-Billancourt, Paris

Yrke kunstmålar, bilethoggar, teiknar, illustratør, bygningstegner, scenograf, grafikar, biletkunstnar
Språk spansk, katalansk, fransk
Juan Gris på Commons
Fiolin og gitar, 1913

José Victoriano González-Pérez (23. mars 188711. mai 1927), kjend som Juan Gris, var ein spansk målar og bilethoggar. Han levde og arbeidde det meste av livet i Frankrike. Gris er særleg kjend for sine bidrag til å utvikle kubismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

González-Pérez var føds i Madrid og gjekk to år (1902–04) på Escuela de Artes y Manufacturas i fødebyen, der han lærte teknisk teikning. Året etter studerte han akademisk målarkunst hos målaren José Maria Carbonero.

I 1906 kom han til Paris og orienterte seg mot kunstnarar som Henri Matisse, Georges Braque, Fernand Léger og Amedeo Modigliani. Han kom snart i kontakt med landsmannen Pablo Picasso. Gris såg på ein måte Picasso som lærar og vegleiar, medan Gertrude Stein meiner at «Pablo gladeleg hadde sett mannen fjerna frå kartet».

Gris leverte vitseteikningar til dei fire moroblada som kom ut i Paris på den tida. Frå 1910 begynte han for alvor å måle. To år seinare hadde han utvikla sin eigen variant av kubisme. Han tok utgangspunkt i den analytiske kubismen, men gjekk etterkvart over til den syntetiserande. Saman med vennen Matisse vart paletten meir fargerik og harmonisk, medan Picasso og Braque nærast måla monokromatisk. Mange av arbeida til Gris kan sjåast som stilleben.

I 1924 teikna han scenografien og kostymane til ei av Ballets Russes sine oppsettingar, leia av dansaren Sergej Djagilev.

Gris formulerte sine teoriar om estetikk kring 1924. År 1924 førelas han ved Sorbonne-universitetet om moglegheitene med måleriet (Des possibilités de la peinture). Større separatutstillingar vart halde i Galerie Simon i Paris, Galerie Flechtheim i Berlin, begge i 1923, og Galerie Flechtheim i Düsseldorf i 1925.

Juan Gris døydde i Boulogne-sur-Seine i Paris.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]