Juan José Navarro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Juan José de Navarro Viana y Búfalo (fødd 30. november 1687 i Messina, død 5. februar 1772 i Cádiz) var generalkaptein i den spanske marinen og Marqués de la Victoria.

Han gjekk inn i den spanske hæren berre åtte år gammal og kjempa i den spanske arvefølgjekrigen i Italia. I 1708 kjempa han mot maurarane i Oran, der broren Ramón mista livet og faren døydde i fangenskap. I 1709 kom han tilbake til Spania og kjempa i slaget ved Almenar og slaget ved Zaragoza, der han vart teken til fange av soldatane til Guido Starhemberg. Etter freden i Utrecht vart han kaptein i den avdøde faren sitt kompani og deltok i frigjeringa av Catalonia.

Etter krigen gjekk han inn i marinen og då kvadrupelalliansekrigen braut ut segla han på «Real» til Sardinia og Sicilia med hæren under markien av Lede, og tok her del i erobringane deira som marinesoldat.

Under José Patiño steig han i gradene. I 1732 deltok han i erobringa av Oran under hertugen av Montemar og spelte ei viktig rolle i å dekkje troppane då dei gjekk på land med kanonane på skipet sitt. Under den austerrikske arvefølgjekrigen vann han den største sigeren i karrieren sin då han slo den britiske flåten i slaget ved Toloun i 1744. Han vart forfremma til generalløytnant og fekk tittelen marqués de la Victoria.

I 1750 vart han generaldirektør for armadaen. Seks år seinare hadde han skrive ferdig verket Diccionario demostrativo de la configuración y anatomía de toda arquitectura naval moderna om militærteori.

I 1759 kommanderte han ein konvoi på 36 skip som førte Karl III, den nye kongen av Spania, frå Napoli til Spania. Flaggskipet hans var «Real Fénix». For dette vart han utnemnd til generalkaptein i den spanske marinen.

Navarro døydde av kaldbrann, 84 år gammal.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]