Juan Sebastián Verón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juan Sebastián Verón
Personleg informasjon
Fullt namn Juan Sebastián Verón
Fødd 9. mars 1975
Fødestad La Plata
Høgd 186 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Estudiantes de La Plata
Nummer 11
Ungdomsklubbar
1993 Estudiantes de La Plata
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1994-96
1996
1996-98
1998-99
1999-2001
2001-03
2003-07
2004-06
2006-07
2007-
Argentina Estudiantes
Argentina Boca Juniors
Italia Sampdoria
Italia Parma
Italia Lazio
Manchester United
Chelsea
Italia Inter (lån)
Argentina Estudiantes (lån)
Argentina Estudiantes
22 (2)
17 (3)
61 (6)
26 (1)
53 (11)
51 (7)
7 (1)
49 (3)
29 (2)
57 (12)
Landslag
1996- Argentina Argentina 70 (9)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 24. juli 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 29. mars 2009

Juan Sebastián Verón (fødd 9. mars 1975 i La Plata i Buenos Aires-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar som har spela på midtbanen for Estudiantes de La Plata i den argentinske ligaen, og på Argentina sitt landslag. Han vart kåra til årets argentinske spelar i 2006 og årets søramerikanske spelar i 2008 og 2009. Verón har vunne seriemeisterskap i fire ulike lag i tre land: I Italia med Lazio i 2000 og Inter i 2006, i England med Manchester United i 2003 og i Argentina med Estudiantes i apertura-sesongen i 2006. Han har òg vunne UEFA-cupen med Parma i 1999 og Copa Libertadores med Estudiantes i 2009. Han debuterte for Argentina sitt landslag i 1996 i ein kamp mot Polen og har teke del i tre VM for Argentina, i 1998, 2002 og 2010.