Jubileum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opptog ved Victoria av Storbritannia sitt diamantjubileum (60 år) som dronning i 1897.

Jubilé eller jubileum er ei feiring av eit visst tidsrom, til dømes at ei hending har funne stad for eit særskild tal år sidan. «Runde» tal (til dømes 25, 50, 60 o.s.b) blir ofte feira med jubileum. Ordet kjem frå mellomalderlatin jubilaeum, 'feiring', medan skikken kjem frå den jødiske og seinare kristne ordninga med jubelår.

Fødselsdagar og bryllaupsdagar er vanlege å feira som jubileum for enkeltpersonar. Grunnlegginga av ein by, sjølvstendet til eller opprettinga av ein stat eller kroninga av ein monark kan òg vera grunnar til å halda større jubileum. Medan jubileum ofte blir feira i samband med ein årsdag, kan dei òg haldast i eit heilt «jubileumsår». Ibsenåret blei til dømes markert i heile 2006, hundre år etter at Henrik Ibsen døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.