Judas Priest
| Judas Priest | |
| Tidlegare namn | «Freight» |
| Opphav | England |
| Periode | 1968-no |
| Sjanger | Heavy metal |
| Nettstad | www.judaspriest.com |
| Medlemmer | |
|---|---|
| Rob Halford Glenn Tipton Ian Hill Scott Travis |
|
| Tidlegare medlemmer | |
| K.K. Downing Al Atkins John Ellis Alan Moore Chris Campbell John Hinch Les Binks Dave Holland Tim «Ripper» Owens |
|
Judas Priest er eit britisk heavy metal-band skipa i Birmingham i 1968/1970 som har vore aktive sidan. Gruppa har hatt stor innverknad på metal-sjangeren, og har fått kallenamnet «The Metal Gods» etter ein av songane sine. Dei er kjend som grunnleggjarane av det karakteristiske metalhead-antrekket med nagler og lêr.[1] Gruppa var også del av New Wave of British Heavy Metal, 'den nye bølgja av britisk metal'.
Den første musikkgruppa med namnet Judas Priest blei skipa i 1968 med namn etter «The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest» av Bob Dylan. I 1970, etter at gruppa blei oppløyst, tok vokalisten Al Atkins namnet med seg til gruppa Freight skipa i 1969 av K.K. Downing og Ian Hill. Bandet fekk aldri spelt inn noko studioalbum med Al Atkins, for i 1973 tok Rob Halford over som vokalist.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Judas Priest» frå Wikipedia på bokmål, og «Judas Priest» frå Wikipedia på svensk den 26. mars 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Judas Priest» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2012.
Fotnotar [endre]