Judogi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Desse to judoutøvarane brukar judogi

Judogi (japansk for 'judouniform') er drakta (gien) som ein judoutøvar brukar. Judogien er samansett av bukse, jakke og belte, og laga av bomull. Kvinner kan ha T-skjorte eller liknande under gien.

Ein judogi er tjukk for å tola at utøvarane dreg i draktene. Beltet viser kva grad judokaen (judo-utøvaren) har, i tillegg til å knyta jakka. Judogien er vanlegvis kvit eller blå. Ein kampdrakt er kvit på eine sida og blå på andre sida. Dette er for at dommarane lett skal kunna skilja utøvarane frå einannan. Dersom ikkje ein av utøvarane har blå drakt, brukar dei kvitt og raudt belte.

Venstre sida på gi-jakka skal leggjast over den høgre. Dersom jakka losnar i løpet av ein kamp eller drakta ikkje sit skikkeleg, vil dommaren signalisera at judokaen skal ordna drakta.