Jugoslavias kommunistforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jugoslavias kommunistforbund (serbokroatisk Savez komunista Jugoslavije (SKJ), slovensk Zveza komunistov Jugoslavije (ZKJ), makedonsk Sojuz na Komunistite na Jugoslavija (SKJ)) blei danna i 1919, og fekk frå starten stor støtte i delar av folket. Partiet gjorde det så godt under valet i 1920 at det året etter blei forbode, noko det var heilt til etter andre verdskrigen, da det blei statsberande parti. Den første leiaren var Filip Filipovic, og partiet heitte første året Jugoslavias sosialistiske arbeidarparti (kommunistane) - SRPJ(k) - før det på andre kongressen sin i 1920 skifta namn til Jugoslavias kommunistiske parti KPJ. Partiet oppstod ved sameining av dei radikaliserte sosialdemokratiske partia i dei ulike delane av det som no var blitt (det første) Jugoslavia.

Frå 1937 var Josip Broz Tito leiar i Jugoslavias kommunistiske parti. Under hans leiing stod partiet i brodden for den anti-fascistiske partisanrørsla under krigen og for skipinga av den føderative jugoslaviske staten etter frigjeringa i 1945 ("Det andre Jugoslavia").

Jugoslavia var i hovudsak blitt frigjort med eigne krefter, noko som gjorde at landet greidde å halde seg utanfor sovjetisk dominans etter krigen. Partiet blei i samband med brotet med dei stalinistiske partia omdøypt til Jugoslavias Kommunistforbund (SKJ/ZKJ). Dette skjedde på kongressen i 1952.

Kommunistforbundet var statsberande også ettar at Tito døydde i 1980. Men utover 80-talet begynte disintegrasjonen både av den jugoslaviske staten og partiet som hadde halde den saman. Store spenningar oppstod, særskilt mellom det reformvennlege slovenske kommunistpartiet, leidd av Milan Kučan og det stadig meir etnonasjonalistiske serbiske kommunistpartiet, leidd av Slobodan Milošević. Den endelege oppløysinga kom 23. januar 1990, då delegasjonane frå Slovenia og Kroatia forlet den 14. ekstraordinære partikongressen. Sidan skifta delane i dei ulike republikkane namn og kalla seg sosialistiske eller sosialdemokratiske, såleis mellom anna Det sosialdemokratiske partiet i Bosnia og Herzegovina - Sosialdemokratane, Det sosialdemokratiske partiet i Kroatia og Sosialdemokratane i Slovenia. Det finst også nokre mindre kommunistiske grupper.