Juha Tiainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Juha Tiainen (5. desember 19552. april 2003) var ein friidrettsutøvar og politimann frå Uukuniemi i Finland, som vann gullmedaljen i sleggjekast under OL 1984 i Los Angeles. Hans personlege rekord på 81,52 meter sette han i Tampere same året som han vart olympiameister.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste landa i Aust-Europa boikotta dei olympiske sommarleikane i Los Angeles i 1984, noko som gjorde at mange av medaljekandidatane mangla i sleggekast-øvinga under olympiaden. Største favorittane til gullmedaljen var då dei to vesttyskarane Karl-Hans Riehm og Klaus Ploghaus. Etter to omgangar i finalen leia Ploghaus med 75,96 m, vel meteren føre italienaren Gianpaulo Urlando (som etterpå vart diska for doping) med Riehm på tredjeplass, Tiainen låg på sjetteplass med 72,64 m. I tredje omgang fekk både Riehm og Tiainen opp sine best kast i tevlinga, med høvesvis 77,98 m og 78,08 m. Ploghaus auka til 76,68 m i siste omgang og fekk bronse. Utan vinnarkastet sitt ville Tiainen hamna på fjerdeplassen i tevlinga.

Tiainen vart finsk meister i sleggekast seks gongar (1977, 1979, 1981, 1984, 1987 og 1990), og vann 13 medaljar i finske meisterskap (6-5-2).

Medaljar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]


Tiainen døydde i Lappeenranta av «viral lungebetennelse».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:IAAF namn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]