Juhani Suutarinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juhani Suutarinen
Statsborgarskap Finland
Fødd 24. mai 1943 (80 år)
Uukuniemi
Yrke skiskyttar

Taisto Juhani Suutarinen (fødd 24. mai 1943) er ein finsk tidlegare skiskyttar frå Uunkuniemi. Under VM i skiskyting 1974 vart han verdsmeister i begge dei individuelle øvingane, og vann så i 1975 eit VM-gull med Finlands stafettlag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Suutarinen tok si fyrste internasjonale medalje då Finland vann sølv på 4 x 7,5 km stafett under vinter-OL i Sapporo i 1972. To år seinare hadde han fullklaff under VM 1974 i Minsk, der han vart den aller fyrste verdsmeister på 10 km sprint, og attpåtil vart verdsmeister på 20 km. Med stafettkameratane frå Finland tok han VM-sølv, bakom Sovjetunionen. Under VM 1975 i Antholz var han med på det finske stafettlaget som tok gull. I sin siste sesong på toppnivå fekk han si tredje sølvmedalje i stafett i ein internasjonal meisterskap, vinterleikane i Innsbruck i 1976.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar