Juist

Koordinatar: 54°32′N 13°6′E / 54.533°N 13.100°E / 54.533; 13.100
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juist
Byen Juist
Byen Juist
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 54°32′N 13°6′E / 54.533°N 13.100°E / 54.533; 13.100

Areal 16,43 km²

Administrasjon
Land Tyskland
Delstat
Landkreis
Niedersachsen
Aurich

Demografi
Folketal 1 786 (2006)
Folketettleik 109 /km²

Juist er ein av dei sju busette austfrisiske øyane i Niedersachsen ved kysten av Tyskland. Øya ligg i Vadehavet sør i Nordsjøen mellom øyane Borkum i vest, Memmert i sørvest og Norderney i aust. Han er òg kommune i landkreis Aurich.

Juist er 17 km lang og 500 til 1000 meter brei (avhengig av nivået på tidvatnet). Det er to landsbyar på øya: Den største landsbyen Juist, og Loog.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Juist har ferjesamband til Norddeich på fastlandet, men båtane kan derimot berre nå øya ved flo sjø, noko som vanlegvis tyder ein gong om dagen. Juist har derimot ein småflyplass, men vêret set ofte ein stoppar for avgangar til og frå øya, særleg om vinteren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1600- og 1700-talet byrja Juist og dele seg i to etter fleire stormfloder. Rundt år 1770 byrja å folk å lukke det nesten to km breie sundet som hadde oppstått med sand. Så seint som i 1928 vart nordsida av øya reparert. Dette skapte ein innsjø på øya, og med tida har det tyngre saltvatnet trengd ned i sanden, medan regnvatn har vorte liggande att oppå. Derfor har vatnet vorte eit ferskvatn, og øya får derfor ikkje tilført ferskvatn frå fastlandet.

Stranda og sanddynene på vestsida av Juist eroderer kvart år, som på alle Dei austfrisiske øyane. Kanten på sanddynene flyttar seg fem meter sørover kvart år. Alle øyane bortsett frå Juist og Langeoog har store betongmolar i den vestlege enden for å hindre dette.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme er ein av hovudnæringane på Juist, og i nesten alle bygningar på øya er det gjesterom. Det er òg fleire hotel og ungdomsherberge. Øya er mellom anna populære for folk med pustevanskar på grunn av den reine lufta som er her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]