Jukkasjärvi

Koordinatar: 67°51′6.2568″N 20°36′0.18720″E / 67.851738000°N 20.6000520000°E / 67.851738000; 20.6000520000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°51′6.2568″N 20°36′0.18720″E / 67.851738000°N 20.6000520000°E / 67.851738000; 20.6000520000

Jukkasjärvi
tettstad
Land  Sverige
Areal 138 km²
Folketal 692 (31. desember 2020)
Kart
Jukkasjärvi
67°51′07″N 20°36′10″E / 67.851959073852°N 20.602910851725°E / 67.851959073852; 20.602910851725
Wikimedia Commons: Jukkasjärvi

Jukkasjärvi er ein svensk tettstad i Kiruna kommun i Norrbottens län i landskapet Lappland. I 2005 hadde tettstaden 519 innbyggjarar. Jukkasjärvi, på nordsamisk Čohkkiras som tyder møteplass, ligg cirka 17 kilometer aust for Kiruna.

Jukasjärvi er ein sjø som er danna ved ei utviding av Torne älv, og bygda Jukkasjärvi ligg på nordsida av sjøen. Bygda er første gong omtalt i 1554, då lappefogden Olof Henriksson Kaisa i Niemis hadde fiskeretten der.

Jukkasjärvi er sentrum i Jukasjärvi kyrkjelyd, som fekk sine første innbyggjarar på 1600-talet. Lenge budde berre presten og klokkaren i bygda, men etterkvart som fleire nybyggjarslekter seg ned der.

Bygginga av Jukkasjärvi kyrkje starta i 1607. Den kjende altertavla er laga av Bror Hjort, og tsmykkinga og designet av orgelet er gjort av den samiske kunstnaren Lars-Levi Sunna.

Jukkasjärvi er òg kjend for det store ishotellet som er ope kvar vinter. Det var det første ishotellet i verda og er i dag ein av dei største turistattraksjonane i Nord-Europa. Hotellet vert bygd kvart år ved breidda av Torne älven. Hotellet blir bygd opp på nytt kvart år. Det skjer i slutten av november. Hotellet opnar i midten av desember og stenger i slutten av april eller byrjinga av mai, alt etter når våren kjem. Hotellet inneheld mange isskulpturar som er laga av svenske og internasjonale kunstnarar. Hotellet er kjend for baren sin som heiter Absolut Icebar. Drinkane vert severt i glas laga av is.

Det finst òg ei iskyrkje der ein kan ha vigsel eller barnedåp. Kvart år vert det vigde kring 140 par og eit tjuetals barn blir døypte. Kyrkja blir innvigd ved juledagsgudstenesta kvart år.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jukkasjärvi