Julaftan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Larsson: “Julaftonen” (akvarell, 1904-05)

Julaftan (òg juleftan, jolaftan eller joleftan), 24. desember, er dagen etter litle julaftan og før første juledag. I fleire tradisjonar er dette den viktigaste juledagen, då ein samlar seg i familieselskap og deler ut julegåver, sjølv om den kyrkjelege høgtida og fødselsdagsfeiringa til Jesus tek til den 25. Julaftan er hovudjuledagen i Norden, Polen, Portugal, Quebec, Russland, visse delar av Tyskland, Sveits og Austerrike, der ein opnar julegåver om kvelden. I Italia opnar ein julepresangane om morgonen første juledag.

Kristne tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Katolsk midnattsgudsteneste på julaftan i Provence.
Foto: M Disdero

Mange kristne går i kyrkja julaftan. I katolske kyrkjer er det tradisjon å halde midnattsmesse ved midnatt natt til juledagen. Slike messer markerer byrjinga på juletida. Truleg er det fordi midnattsmessa blei flytta til ettermiddagen på julekvelden at julaftan har teke plassen som ein viktig feiringsdag.

I Den norske kyrkja held ein julegudstenestar på ettermiddagen, og i nokre kyrkjelydar også midnattsmesse. Klokka 1700 kimer alle kyrkjeklokkene, ein ringer jula inn og julehelga tar til. Det er vanleg å tenna lykter på gravene til nære slektningar.

Familiefeiring[endre | endre wikiteksten]

'Julaftan i Sibir' måla av Jacek Malczewski.

Til middag på julekvelden et ein tradisjonell mat, og dei fleste har det same til julemiddag år etter år. I Noreg er ribbe og pinnekjøt dei vanlegaste hovudrettane med julepølse og medisterkake som dei viktigaste tilleggsrettane.[1] Det er vanleg å eta til ein blir meir enn mett, og det blir seinare servert dessert. Risengrynsgraut eller riskrem med mandel i kan serverast på julaftan eller tidlegare i førjulstida.

På kvelden sit ein heime saman med familien og opnar julegåver. Som regel går ein rundt treet og syng julesongar før pakkane kan opnast, og mange stader må ein venta til julenissen – som regel ein utkledd person frå selskapet – kjem innom og startar gåveutdelinga. Nokre stader, som i delar av Tyskland og Aust-Europa, er det ikkje ein gammal mann, men kristusbarnet sjølv som deler ut gåver.

I land som feirar jul hovudsakleg på juledagen er dette den siste store klargjeringsdagen. Om kvelden kan ein møtast til store måltid, eller gå ut og feira dagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Annechen Bahr Bugge: Julens mat og måltider (Fagrapport nr. 1-2006, SIFO)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Julaftan