Juleøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dansk juleøl

Juleøl er ei nemning på ein type øl som har lang tradisjon for å verte brygga til juletider i Noreg. Juleøl er ofte undergjæra og eit alkoholinnhald kring 4,5 % og 6,5 %.

Alle norske bryggeri har sitt eige juleøl.

Dansk juleøl [endre]

Det første eigentlege danske julebrygget som vart produsert i større omfang, var (kvit) X-mas frå bryggeriet Thor. Det kom på marknaden i 1969.[1] og var i starten hovudsakleg berre lokalt tilgjengeleg i Randers og omland der lanseringa av årets brygg vart gjort til ei særskild årleg hending med namnet X-dag i løpet av 1970-åra. Julebrygget vart køyrt ut med hestevogn, lenge etter at ein elles var gått over til bilar.

I 1990 sette bryggeriet Tuborg fokus på julebrygget ved å lansere uttrykket snebajer som ei helsing på etikettane på Grøn Tuborg. Året etter vart ein snebajer til eit sjølvstendig produkt og er i 2006 Danmarks mest selde julebrygg. Det teikna univers vart oppfunne av Peter Wibroe, og reklamefilmen, som vart lansert på det dåverande tidspunkt, blir vist stadig vekk utan endringar på landets kinoar og på TV. I 1990 introduserte bryggeriet den årlege J-dag der ein feirar lanseringa av årets julebrygg.

Referansar [endre]

  1. Royal X-MAS, www.royalunibrew.com
Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.