Jule Charney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jule Charney

FøddJule Gregory Charney
1. januar 1917
San Francisco
Død16. juni 1981
Boston
NasjonalitetUSA
Yrkemeteorolog
InstitusjonarMassachusetts Institute of Technology
Alma materUniversity of California, Los Angeles
DoktorgradsrettleiarJørgen Holmboe
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences

Jule Gregory Charney (1. januar 191716. juni 1981) var ein amerikansk meteorolog som spelte ei viktig rolle i utviklinga av vêrvarslinga. Han utvikla eit likningssett (den kvasi-geostrofiske virvlingslikninga) for utrekning dei storskala rørslene til planetære bølgjer. Han gav den første overtydande fysiske forklaringa på utviklinga av syklonar på midlare breidder, kjend som teorien kring baroklinsk instabilitet. Han vert rekna som skaparen av den moderne dynamiske meteorologien og var òg ein pioner innan numerisk vêrvarsling. I tillegg gav han viktige bidrag til tropisk meteorologi og teorien for havstraumar.

Charney var professor ved Massachusetts Institute of Technology frå 1956 til 1977. Han var mange gonger ved Universitetet i Oslo som forskar, og var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

American Meteorological Society har ein pris kalla «The Jule G. Charney Award» som vert gjeven til personar som «anerkjennelse for viktige forskingsbidrag eller utvikling innan atmosfæriske vitskapar eller hydrologi».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]