Juledag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jesu fødsel måla av Fra Angelico, San Marco museet i Firenze

Juledagen, den 25. desember, er dagen ein i vestleg kristendom feirar Jesu fødsel. I austleg tradisjon vert den tilsvarande festen feira 7. januar.

Tidfestinga av Jesu fødsel[endre | endre wikiteksten]

Den første som tidfesta Kristi fødsel til 25. desember var truleg motpaven Hippolytus, som arbeidde på 200-talet. Han meinte at fødselen fann stad i Augustus' 42. regjeringsår. Tidlegare forfattarar har tidfesta fødselen til andre tidspunkt, blant anna var 21. november og 25. november foreslått.

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

I mange land er første juledag den dagen då julegåvene vert opna. Det er òg dagen for julemåltidet i mange land, spesielt i katolske land.

Juledagen, eller første juledag, blir i Noreg oftast feira med julefrokost, julelunsj eller juledagsmiddag. Mattradisjonane er ikkje like tradisjonsbunde denne dagen som på julaftan. Juledagen er ein utprega familiedag, og det er sjeldan ein går på vitjing i grannelaget juledagen. Om ein bryt denne skikken kan ein bli kalla juldagspetter eller med liknande utnamn.

Liturgi[endre | endre wikiteksten]

Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss, og me skoda herlegdomen hans, ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin, full av nåde og sanning.

Joh. 1,14 etter Studentmaallagsbibelen (1921)

Julegudstenesta juledagen var tradisjonelt eit høgdepunkt i den kristne julefeiringa i Noreg. No har julaftan tatt over som den største gudstenestedagen i Den norske kyrkja. Preiketeksten juledagen er henta frå prologen i evangeliet etter Johannes.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]