Juledekorasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Butikkvindauge med juletre, nisse, lysestake med elektriske lys og mindre juleaktige varer som bord og veggur i Sverige
Juledekorasjon eller juleutstilling er ei oppstilling eller arrangement av ulike pynteelement i samband med jul. Ein slik dekorasjon kan vera sett saman av julepynt, blomar og grønt, levande eller elektriske lys og diverse andre element. Det er vanleg å laga juledekorasjonar i heimar, institusjonar, offentlege stader og ulike verksemder som butikkar, stormagasin og kjøpesenter.
Ein kan setja opp juledekorasjonar i oktober, november eller desember. Føremålet med dekorasjonen kan vera å skapa julestemning eller samhald i eit lokalsamfunn, tiltrekka folk, visa fram seg sjølv eller eit utval varer. Det blir ofte halde kåringar for den beste juleutstillinga i eit visst område.
Element i ein juledekorasjon kan vera:
- Juletre og julepynt knytt til juletre, som kuler, glitter, korger og liknande
- Englar
- Nissar og vesen meir eller mindre lauseleg knytt til jula, som fuglar og smådyr
- Plantar og plantedelar som blomar (til dømes julestjerne og amaryllis), grønt (mose, lav, gran kristtorn), tørka (halm, konglar)
- Vinter, til dømes kunstig snø, snømenn, snøkrystallar, isbjørnar og liknande
- Stjerner
Bakgrunnsstoff [endre]
- Søk etter «juledekorasjon» ved europeana.eu
Kjelder [endre]
- Janne Solemsløkk og Camilla Kilnes, «Kårer byens vakreste juleutstilling» (22.11.2010) ved adressa.no
- Lars Anders Vestad, «- Vi er gale etter jul hele gjengen» (29.10 2012) ved rbnett.no
- «Guide: JUL i Danmark» ved visit-denmark.dk
- «Vinnere av konkurransen Åmots beste juleutstilling», amot.kommune.no